Kva vil det seie å refinansiere bustadlånet?

Å refinansiere vil seie å gjere endringar på eksisterande gjeld. Her er tre døme på refinansiering av bustadlån:

  • Du slår saman lån:
    Har du fleire lån som til saman utgjer mindre enn 85 % av verdien på bustaden din, kan du slå saman desse til eitt lån, med éi rente og éin nedbetalingsplan.
  • Du får lågare rente: 
    Bustaden din har stige i verdi og/eller du har betalt ned så mykje på lånet at du har lågare belåningsgrad og dermed kan få lågare rente.
  • Auke lånet ditt i banken
    Viss du skal pusse opp eller gjere andre investeringar kan du auke lånet du har på bustaden din i dag.