Korleis samanlikne bustadlån?
Viss du søker lån i fleire bankar, eller vurderer å flytte bustadlånet, blir du fortalt at du skal samanlikne effektiv rente. Er det riktig? Svaret er ja, men ...
Viss du søker lån i fleire bankar, eller vurderer å flytte bustadlånet, blir du fortalt at du skal samanlikne effektiv rente. Er det riktig? Svaret er ja, men ...
La oss sei at du har tatt opp eit lån på 4 millionar kroner med ei nedbetalingstid på 25 år. Ved utbetaling av lånet betalar du eit depot- og etableringsgebyr på 5.300 kroner og eit månadleg termingebyr på 65 kroner. Den nominelle renta er 5,49 %, medan den effektive renta er 5,72 %.
Kvifor er den effektive renta høgare? Jo, den effektive renta inkluderer alle kostnadar og gebyr knytt til lånet. Døme kan vere etableringsgebyr, termingebyr, fakturagebyr, depotgebyr eller depositumgebyr.
Men kor lenge du betalar og kor ofte (kalla lånets løpetid eller nedbetalingstid, og betalingsavdrag eller betalingsterminar), påverkar kor lenge du har betalt til slutt. Jo lengre tid og sjeldnare du betalar, desto meir kostar lånet totalt. Den høgare effektive renta på 5,72 % inkluderer alle desse kostnadane, og gir eit meir nøyaktig bilde på kor mykje du må betale tilbake.
Det er derfor den effektive renta som fortel deg den faktiske prisen på lånet.
Skal du samanlikne lån bør du setje deg inn i kva den effektive renta er, nedbetalingstida og den totale kostnaden på lånet. Her er eit døme.
Bank A | Bank B | |
Effektiv rente | 4,5 % | 5,0 % |
Nedbetalingstid | 30 år | 25 år |
Lånebeløp | 4.000.000 kroner | 4.000.000 kroner |
Månadleg avdrag | 20.250 kroner | 21.600 kroner |
Total kostnad | 7.290.000 kroner | 6.480.000 kroner |
I dømet over har Bank A ei lågare effektiv rente på 4,5 %, medan Bank B har ei effektiv rente på 5,0 %. Ut frå dette kan det verke som Bank A tilbyr det beste lånetilbodet. Likevel har Bank B ei kortare nedbetalingstid på 25 år samanlikna med Bank A som har 30 år. Dette fører til at den totale kostnaden hos Bank B er lågare, sjølv om den effektive renta er litt høgare.
Oppsummert, sjølv om Bank A kan verke meir attraktiv på grunn av den lågare effektive renta, bør du ta omsyn til både nedbetalingstida og den totale kostnaden for å få eit meir nøyaktig bilete av kva for eit lånetilbod som passar deg best.
Dette med å samanlikne lånetilbod kan vere kompliserte greier. Heldigvis har vi rådgjevarar som har vore ute ei vinternatt før. Derfor anbefaler vi deg å spørje ein av dei om hjelp om du er i villreie.
Sjølv om det å samanlikne bustadlån i utgangspunktet burde vere rett fram, er det fleire ting som gjer det heile meir komplisert.
Forskjellen er om gebyr og andre kostnader er inkluderte eller ei.
Derfor bør du samanlikne den effektive renta til bankane, og ikkje den nominelle renta, når du skal søke lån. Når du samanliknar effektiv rente er det viktig at du ser på nedbetalingstida. For å kunne samanlikne effektiv rente må nemleg nedbetalingstid vere heilt lik, då den effektive renta vil i mange tilfelle bli lågare viss du aukar nedbetalingstida på lånet.
Sjå også
Korleis samanlikne bustadlån?
Kva er forskjellen på fast og flytande rente?
Når vi endrar renta på lån, har vi ein varslingsfrist på to månadar. Det betyr at frå datoen vi varslar deg om ei renteendring går det to månadar før den trer i kraft på lånet ditt. Det gjeld uansett om renta går opp eller ned.
Du får beskjed om endringa på SMS og som melding i mobil- og nettbanken. Du finn renteendringa under «Mine meldingar». Viss du har valt å få informasjon via brev vil du få det.
Sjå også
Kva er renta hos dykk?
Ei renteauke vil bety at du får auka kostnadar på lånet, og høgare innbetaling per månad. Du kan bruke bustadlånskalkulatoren vår for å få eit inntrykk av kva ein renteauke har å seie for akkurat ditt bustadlån. Vel fana til høgre der det står «Kva kostar lånet». Legg inn lånesummen din under «kjøpesum» og sett 0 på eigenkapital. Husk å justere nedbetalingstida slik at den er det same som lånet ditt.
Vi har tatt høgde for at du skal kunne tole ein renteauke på 3 % frå dagens nivå eller minst 7 % bustadlånsrente. Rentenivået i Norge har vore svært lågt lenge. I utgangspunktet treng du derfor ikkje å vere nervøs sjølv om det er varsla at rentenivået skal stige. Vi anbefaler likevel at du set deg inn i korleis ei framtidig renteendring påverkar privatøkonomien din.
Dette bør du gjere no
Viss du veit kor mykje innbetalinga på lånet ditt vil auke framover kan det vere lurt å sette desse pengane inn på ein eigen konto. Dette har to fordeler:
I periodar med renteauke er det viktig at du har oversikt over økonomien. Med «Min økonomi» i mobilbanken kan du sjå kva du bruker pengar på og kor du eventuelt kan spare.
Sjå også
Kor finn eg informasjon om renter og neste innbetaling på lånet mitt?
Bør eg velje fast eller flytande rente?
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium