Ei renteauke vil bety at du får auka kostnadar på lånet, og høgare innbetaling per månad. Du kan bruke bustadlånskalkulatoren vår for å få eit inntrykk av kva ein renteauke har å seie for akkurat ditt bustadlån. Vel fana til høgre der det står «Kva kostar lånet». Legg inn lånesummen din under «kjøpesum» og sett 0 på eigenkapital. Husk å justere nedbetalingstida slik at den er det same som lånet ditt.
Vi har tatt høgde for at du skal kunne tole ein renteauke på 3 % frå dagens nivå eller minst 7 % bustadlånsrente. Rentenivået i Norge har vore svært lågt lenge. I utgangspunktet treng du derfor ikkje å vere nervøs sjølv om det er varsla at rentenivået skal stige. Vi anbefaler likevel at du set deg inn i korleis ei framtidig renteendring påverkar privatøkonomien din.
Dette bør du gjere no
Viss du veit kor mykje innbetalinga på lånet ditt vil auke framover kan det vere lurt å sette desse pengane inn på ein eigen konto. Dette har to fordeler:
- Du blir vant til ekstra utgifter – og held forbruket lågare.
- Du får spart deg opp ein buffer og har pengar i reserve til auka renteutgifter.
I periodar med renteauke er det viktig at du har oversikt over økonomien. Med «Min økonomi» i mobilbanken kan du sjå kva du bruker pengar på og kor du eventuelt kan spare.
Sjå også
Kor finn eg informasjon om renter og neste innbetaling på lånet mitt?
Bør eg velje fast eller flytande rente?