Bør eg velje fast eller flytande rente?

Om du bør velje fast eller flytande rente er avhengig av fleire faktorar. Treng du forutsigbarheit, kan det vere ein god idé å velje fast rente. Har du større behov forfleksibiliteti nedbetalinga, vil flytande rente vere eit betre alternativ.

  • Lån med flytande rente er den vanlegaste lånetypen. Eit lån med flytande rente følger rentemarknaden. Går rentenivået opp får du høgare lånekostnadar, medan du får lågare lånekostnadar viss rentenivået går ned. Har du økonomi som toler at det svingar litt viser det seg over tid at det som regel lønnar seg å velje flytande rente.
  • Med fast rente bind du renta i ein avtalt periode. Då veit du nøyaktig kor mykje du skal betale kvar månad, uavhengig av kva som skjer i rentemarknaden. Hos oss får du fastrentelån med ei bindingstid på 3, 5 eller 10 år.

Du treng ikkje velje mellom det eine eller det andre. Du kan velje å binde renta på til dømes halve lånet. 

Sjå også
Du kan velje å binde renta på heile eller delar av lånet. Korleis går eg fram?