Kva er forskjellen på nominell og effektiv rente?

Forskjellen er om gebyr og andre kostnader er inkluderte eller ei. 

  • Nominell rente er rentesatsen på lånet før gebyr, og er vanlegvis oppgitt som ei årleg rente.
  • Effektiv rente er nominell rente pluss gebyr og andre kostnadar. Talet på avdrag du betalar (betalingsterminar) og lånet si løpetid (nedbetalingstida) påvirkar òg den effektive renta. Denne fortel deg den faktiske prisen på lånet. 

Derfor bør du samanlikne den effektive renta til bankane, og ikkje den nominelle renta, når du skal søke lån. Når du samanliknar effektiv rente er det viktig at du ser på nedbetalingstida. For å kunne samanlikne effektiv rente må nemleg nedbetalingstid vere heilt lik, då den effektive renta vil i mange tilfelle bli lågare viss du aukar nedbetalingstida på lånet.

Sjå også
Korleis samanlikne bustadlån?
Kva er forskjellen på fast og flytande rente?