Styringsrente
Noregs Bank endrar styringsrenta fleire gongar i året. Kva er denne styringsrenta, og kvifor er ikkje den renta lik utlånsrenta til banken?
Noregs Bank endrar styringsrenta fleire gongar i året. Kva er denne styringsrenta, og kvifor er ikkje den renta lik utlånsrenta til banken?
Styringsrente er renta som dei norske bankane får for innskota sine hos Noregs Bank. Med andre ord er det ikkje renta på pengane som bankane låner ut. Styringsrenta blir brukt for å styre inflasjon, økonomisk vekst og arbeidsløyse, og blir bestemt av sentralbanken i eit land.
Det tek vanlegvis tid før endringar i styringsrenta får full effekt på økonomien, og resultata kan òg påverkast av andre faktorar som politikk, handel og forventningane i marknaden.
Bustadlånsrenta blir påverka av styringsrenta, men kan også variere basert på kostnadane for banken, risikovurderingar og konkurranse i marknaden.
Det er heilt naturleg å spørje kvifor bankane ikkje følger styringsrenta heilt på prosentpoenget. Svaret er at pengane som bankane låner ut, til dømes til bustader, kjem frå andre stader enn Noregs Bank.
Bankane har grovt sett to kjelder for pengane dei skal låne ut:
Utlånsrentene er derfor ein konsekvens av både renta på innskota frå kundane – og rentene på lån i pengemarknadar. I urolege tider stig prisane på lån i pengemarknaden. Når ein bank låner må han i tillegg betale såkalla risikotillegg.
Kort fortalt, styringsrenta er ikkje kostnaden banken har for å låne pengar. Derfor blir heller ikkje styringsrenta og utlånsrenta til bankane heilt lik.
Noregs Bank, som er sentralbanken i Noreg, held vanlegvis åtte rentemøte i løpet av eit år. Desse møta er planlagt på førehand, og datoane for rentemøta blir vanlegvis kunngjort på Noregs Bank si nettside.
Sjølv om styringsrente og bustadlånsrente ikkje er det same heng dei tett saman. Korleis påverkar det deg med bustadlån når Noregs Bank endrar styringsrenta? Lær meir om dagens bustadlånsrente og kva som påverkar den her.
Når vi endrar renta på lån, har vi ein varslingsfrist på to månadar. Det betyr at frå datoen vi varslar deg om ei renteendring går det to månadar før den trer i kraft på lånet ditt. Det gjeld uansett om renta går opp eller ned.
Du får beskjed om endringa på SMS og som melding i mobil- og nettbanken. Du finn renteendringa under «Mine meldingar». Viss du har valt å få informasjon via brev vil du få det.
Sjå også
Kva er renta hos dykk?
Kva rente du får på lån hos oss avheng av fleire ting. Når vi skal gi deg eit tilbod ser vi mellom anna på:
Renta vil òg bli påvirka av kva slags lån det er snakk om. Eit forbrukslån vil til dømes ha høgare rente enn eit bustadlån, fordi forbukslånet gir høgare risiko for banken.
Sjå også
Prisliste med oversikt over rente på alle låneprodukt
Ei renteauke vil bety at du får auka kostnadar på lånet, og høgare innbetaling per månad. Du kan bruke bustadlånskalkulatoren vår for å få eit inntrykk av kva ein renteauke har å seie for akkurat ditt bustadlån. Vel fana til høgre der det står «Kva kostar lånet». Legg inn lånesummen din under «kjøpesum» og sett 0 på eigenkapital. Husk å justere nedbetalingstida slik at den er det same som lånet ditt.
Vi har tatt høgde for at du skal kunne tole ein renteauke på 3 % frå dagens nivå eller minst 7 % bustadlånsrente. Rentenivået i Norge har vore svært lågt lenge. I utgangspunktet treng du derfor ikkje å vere nervøs sjølv om det er varsla at rentenivået skal stige. Vi anbefaler likevel at du set deg inn i korleis ei framtidig renteendring påverkar privatøkonomien din.
Dette bør du gjere no
Viss du veit kor mykje innbetalinga på lånet ditt vil auke framover kan det vere lurt å sette desse pengane inn på ein eigen konto. Dette har to fordeler:
I periodar med renteauke er det viktig at du har oversikt over økonomien. Med «Min økonomi» i mobilbanken kan du sjå kva du bruker pengar på og kor du eventuelt kan spare.
Sjå også
Kor finn eg informasjon om renter og neste innbetaling på lånet mitt?
Bør eg velje fast eller flytande rente?