Tips og råd
Byggelån
Planlegg du å bygge hus eller totalrenovere? Vi hjelper deg med lån slik at du kan gå frå draumar til konkrete planar du får gjennomført!
Planlegg du å bygge hus eller totalrenovere? Vi hjelper deg med lån slik at du kan gå frå draumar til konkrete planar du får gjennomført!
Prisdøme: Effektiv rente 9.95 % med byggelånsramme på 2 millionar ved 100 % utnyttelse.
Byggelån er eit mellombels lån som blir utbetalt etterkvart som byggearbeidet skrid fram. Du betaler berre renter av det du har brukt. Når bustaden er ferdig, blir byggelånet gjort om til eit bustadlån.
Byggelån har høgare rente enn eit vanleg bustadlån, og derfor vil ein kortast mogleg byggeperiode lønne seg. Det er fort gjort at kostnadsoverslag og tidsplanar sprekk, så snakk med oss om framdrifta undervegs i byggeprosessen.
Vegen frå draumar til det ferdige huset ditt kan fort bli full av omvegar. Ein stad mellom det fine forslaget frå arkitekten, kravet frå kommunen og økonomien din, må du finne den gylne middelveg som får prosjektet til å gå framover.
Snakk gjerne med oss i god tid før du skal søke om byggelån. Då kan vi saman setje opp ein plan for korleis du får økonomien til å henge saman i byggeperioden.
Hugs at jo betre dokumentasjon du har med, jo raskare får du lånet.
Byggeforsikringa dekker hus, hytte og påbygg som er under oppføring. Forsikringa dekker òg verktøy, materiale og komponentar som du har på tomta under byggeprosessen.
Viss du allereie har toppversjonen av husforsikringa eller hytteforsikringa vår, er påbygget dekt fram til neste hovudforfall.
Viss du skal stå som byggherre sjølv gjennom heile prosessen, altså at det er du som betalar røyrleggar, elektrikar, tømrar og liknande direkte, bør du ha eit byggelån. Grunnen til det er at då vil du ha behov for å kunne betale rekningar løpande etterkvart som dei forfell. Eit byggelån har noko høgare rente. Det kjem av at det er knytt høgare risiko til slike byggeprosjekter.
Dersom du bruker ein totalentreprenør eller kjøper ein ferdig prosjektert bustad, kan du velje eit vanleg bustadlån. Det føreset at du forheld deg til eitt selskap gjennom heile prosessen byggeprosessen.
Byggelån har i utgangspunktet like krav til eigenkapital som alle andre lån, altså minst 10 prosent eigenkapital, men når lånet skal innvilgast blir det lagt til grunn at det kan kome kostnadssprekk på prosjektet.
Når banken skal berekne den totale ramma for byggelånet ditt så må vi også ta høgd for både planlagde endringar og uventa ting som kan dukke opp undervegs medan du bygger.
Viss du skal ha byggelån anbefaler vi også byggeforsikring. Den dekker skadar og tjuveri i oppføringsperioden.
I utgangspunktet er det ikkje noko i vegen for å bruke byggelån for å bygge garasje, men det vil som regel løne seg å velje ordinær opplåning (refinansiering) viss det er nok ledig eigenkapital i bustaden. Ein tommelfingerregel er at du bør velje byggelån dersom kostnadane overstig 500.000 kroner.
Vilkåra for byggelån er dei same som viss du skulle ha bygd ein bustad eller totalrenovert. Det blir også stilt same krav til dokumentasjon, altså at vi treng:
Viss du skal bygge eller totalrenovere har du tre typar lån som kan vere relevante for deg.
Byggelån:
Skal du stå som byggherre sjølv gjennom heile prosessen, altså at det er du som betaler røyrleggar, elektrikar, tømrar og liknande direkte, bør du ha eit byggelån. Grunnen til det er at då vil du ha behov for å kunne betale rekningar løpande etter kvart som dei forfell.
Eit byggelån har noko høgare rente enn vanleg bustadlån. Det kjem av at det er knytt høgare risiko til slike byggeprosjekt. Det blir også stilt strengare krav til lånets bruk med eit byggelån.
Rammelån:
Rammelån, eller flexilån, gir deg ein låneramme du kan bruke som du vil med tryggleik i bustaden. Dette er eit lån som passar for deg som allereie har betalt ned mykje på bustadlånet. Du kan få ein låneramme på inntil 60 prosent av verdien på bustaden.
Refinansiering av bustadlån:
Viss du bruker ein totalentreprenør eller kjøper ein ferdig prosjektert bustad, kan du velje eit vanleg bustadlån. Det føreset at du forheld deg til eitt selskap gjennom heile byggeprosessen.
Du kan søke om refinansiering av det eksisterande bustadlånet ditt viss du møter kravet om lånegrad under 90 prosent. Treng du å auke lånekapasiteten på bustadlånet, er eit godt tips å få ei ny verdivurdering/e-takst viss verdien på bustaden har auka.
Ta kontakt med EiendomsMegler 1 for ei verdivurdering av bustaden din.
Å refinansiere vil seie å gjere endringar på eksisterande gjeld. Her er tre døme på refinansiering av bustadlån:
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium