Kva er annuitetslån?
Med eit annuitetslån betalar du like store terminbeløp kvar månad, gitt at renta er stabil. Annuitetslån er derfor eit litt meir føreseieleg lån.
Med eit annuitetslån betalar du like store terminbeløp kvar månad, gitt at renta er stabil. Annuitetslån er derfor eit litt meir føreseieleg lån.
Annuitet er den vanlegaste låneformen. Du betalar ned lånet med like store terminbeløp gjennom heile låneperioden, med atterhald om at renta er stabil.
Det betyr at at avdragsdelen blir større og rentedelen mindre etter kvart som du betalar ned på lånet.
Gjennom heile løpetida til eit annuitetslån, er den samla gjelda større enn ved eit serielån. Dermed blir òg rentekostnadene større, og lånet tek litt lengre tid å betale ned enn eit serielån.
Eit annuitetslån passar for deg som
Denne lånetypen passar ofte veldig godt når du t.d. skal pusse opp, kjøpe møblar og innredning eller starte familie. Annuitetslån er standard når du søker lån i dag.
Kalkulatoren bereknar kva annuitetslånet vil koste deg
Prisdøme Bustadlån for unge
Låner du 2 millionar over 25 år kostar lånet totalt 3.775.115 kr. Effektiv rente er 5,91 % og månadleg terminbeløp 12.575 kr
Forskjellen på annuitetslån og serielån ligg i fordelinga mellom avdrag og renter gjennom løpetida på lånet.
Med eit annuitetslån betaler du same beløp kvar månad gjennom heile løpetida på lånet, gitt at renta er uforandra. Det betyr at at avdragsdelen blir større og rentedelen mindre etter kvart som du betalar ned på lånet.
Med eit serielån betaler du mindre for kvar månad du betaler ned på lånet. Rentedelen går ned medan avdragsdelen er den same.
Søylene viser fordelinga mellom renter og avdrag med annuitetslån. Rentedelen fell, medan avdragsdelen aukar tilsvarande.
Søylene viser fordelinga mellom renter og avdrag med serielån. Avdragsdelen er den same gjennom heile låneperioden.
Kva anbefaler vi?
Annuitetslån er den vanlegaste og mest forutsigare låneforma. Derfor har òg annuitetslån blitt standard låneform for alle som søker bustadlån i dag. Dersom du har råd til å betale dei månadlege beløpa som serielånet startar med, kan det lønne seg for deg å velje eit annuitetslån med kortare løpetid.
Alt du lurer på om låna dine finn du i mobilbanken eller nettbanken under "Mine lån". Klikk på det lånet du vil finne informasjon om. Her kan du mellom anna:
Du kan også endre forfallsdato, kva konto lånet skal trekkast frå, og søke om avdragsfritak på denne sida.
Sjå også
Kva er forskjellen på nominell og effektiv rente?
Korleis endrar eg trekkdato på lånet?
Eit lån med flytande rente følger marknadsrenta. Går rentenivået opp får du høgare lånekostnadar, medan du får lågare lånekostnadar viss rentenivået går ned. Har du økonomi som toler at det svingar litt viser det seg over tid at det som regel lønner seg å velje flytande rente.
Med fast rente bind du renta i ein avtalt periode. Då betaler du det same på lånet ditt kvar månad, uavhengig av svingingar i marknadsrenta. Viss forutsigbare lånekostnadar er viktig for deg, kan fastrentelån vere eit godt alternativ.
Du kan ha fast rente på heile eller deler av lånet ditt.
Sjå også
Bør eg velje fast eller flytande rente?
Korleis bind eg renta på lånet mitt?
Du kan enkelt endre trekkdato i mobilbanken eller nettbanken. Vel lånet du vil endre trekkdato på under "Mine lån" og trykk på "Endre forfallsdato".
Har du flexilån (rammelån) er trekkdato for renter alltid i månadskiftet.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium