Kva er ei låneramme for flexilån?

Ei låneramme er ein viss sum pengar som du kan låne innanfor flexilånet ditt. Låneramma kan vere på opptil 60 prosent av den totale verdien på bustaden din.

Du betaler ikkje renter på heile låneramma, berre på den delen du bruker. På den måten fungerer det litt som eit kredittkort: Du har ein viss sum pengar tilgjengeleg på kredittkortet ditt, til dømes 10 000 kroner, men du betaler berre renter på dei pengane du faktisk bruker.

Sjå også
Kva er eit flexilån?