Tips og råd
Førsteheimslån
Med førsteheimslån får du ekstra låg rente når du kjøper den første bustaden din – uansett alder.
Med førsteheimslån får du ekstra låg rente når du kjøper den første bustaden din – uansett alder.
Prisdøme: Lånar du 2 millionar over 25 år kostar lånet totalt 3.775.115 kr. Effektiv rente er 5,91 % og månadleg terminbeløp 12.575 kr Føreset pant i bustad.
Rådgjevarane våre hjelper deg slik at du får utnytta medlemsfordelane dine best mogleg.
Med spare- og lånekalkulatoren kan du starte planlegginga av det første bustadkjøpet ditt. Du kan også velje å starte med ein lånesøknad – så hjelper vi deg vidare derfrå.
Mange spør oss om korleis dei kan få bustadlån eller kor mykje dei kan låne, om dei manglar eigenkaptial, har låg inntekt eller er student. Her er nokon av vegane til det første bustadlånet ditt.
Når du skal kjøpe bustad er det mykje å setje seg inn i. Her finn du det du treng for å vere godt rusta på bustadreisa.
Har du spørsmål om eigenkaptial, finansieringsbevis eller kausjonist? Snakk med oss, dette kan vi masse om.
Det er utlånsforskrifta som legg føringar for kor mykje du kan få i bustadlån. Forskrifta seier mellom anna at du som ein hovudregel må ha minst 10 % eigenkapital, og at du kan låne maks fem gonger inntekta di.
Du må også tole ei renteauke på 3 prosentpoeng frå dagens nivå eller minst 7 prosent. Denne blei justert ned frå 5 prosent til 3 prosent frå 1. januar 2023.
I tillegg til å sjå på kor mykje dukanlåne, bør du òg vurdere kor mykje dubørlåne. Det er viktig å ta omsyn til den samla økonomien i familien, både no og i framtida. Hugs – du skal leve også, ikkje berre overleve. Du bør kunne leve komfortabelt med lånet over tid.
Moglegheitene dine og kor mykje akkurat du kan låne er noko du finn ut saman med rådgjevaren din. Er du nysgjerrig akkurat no kan du teste lånekalkulatoren vår. Den gir deg ein peikepinn på kor mykje du kan låne.
Sjå også:
Kva er eit finansieringsbevis?
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 90 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 10 % eigenkapital når du skal kjøpe bustad. I tillegg må du dekke kostnadane ved kjøpet. Kor mykje du må betale i omkostningar, avheng av kva type bustad du kjøper.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 400 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100 000 kroner i omkostningar.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du skal kjøpe bustad. Merk at du ikkje kan spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegere i år.
Det er mogleg å låne meir enn 90 % av kjøpesummen viss du har nokon som kan stille som kausjonist.
Korleis skaffe eigenkapital?
Sjå også:
Eigenkapital og finansiering
Ta opp bustadlån utan eigenkapital
Ein kausjonist er ein person (som regel foreldre) som gir ein garanti til banken om å betale lånet ditt viss du sjølv ikkje klarer det. Den vanlegaste formen for kausjon er realkausjon, som vil seie at banken får tilleggssikkerheit i bustaden til kausjonisten.
For unge som skal kjøpe bustad for første gong, kan kausjon vere god løysing for å få det lånet dei har behov for. Foreldre bør likevel tenke godt gjennom ansvaret sitt før dei inngår ein kausjonsavtale.
Sjå også
Kausjonist – kva betyr det?
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium