Tips og råd
Tips og råd
Kan eg få bustadlån med låg inntekt?
Å få bustadlån med låg inntekt kan vere vanskeleg, men det er ikkje umogleg. Her får du tips til å kome nærare bustaddraumen
Tips og råd
Å få bustadlån med låg inntekt kan vere vanskeleg, men det er ikkje umogleg. Her får du tips til å kome nærare bustaddraumen
Grunnen til at låg inntekt kan setje ein stoppar for bustaddraum er utlånsforskrifta. Den stiller desse krava til oss som bank når vi skal gi ut lån:
Desse krava finst for å beskytte folk frå å få meir lån enn dei klarer å handtere, samstundes som dei reduserer risikoen for banken.
Dersom du søker bustadlån saman med nokon, blir det enklare å få lånet. Då vil inntektene dykkar bli lagt saman, og dette legg grunnlaget for lånesøknaden.
Medlåntakaren vil ha like stort ansvar for at heile lånet blir nedbetalt.
Det er mest vanleg at kjæreste, sambuar eller ektefelle står som medlåntakar. Mange kjøper også bustad saman med venner eller familie.
Sjå også:
Kva er medlåntakar?
Fordi du berre kan ha fem gonger inntekta di i total gjeld kan det lønne seg å kvitte seg med annan gjeld før du søker lån. Då vil du kanskje kunne få låne meir til bustad.
Sjølv om medlåntakar er det som er mest aktuelt når du skal søke lån med låg inntekt, vil også ein kausjonist kunne auke sjansane dine for å få lån.
Ein kausjonist vil ha ansvar for å betale heile eller delar av gjelda di dersom du ikkje betaler den sjølv. Det er ikkje uvanleg at foreldre stiller som kausjonistar for barna sine når dei skal kjøpe sin første bustad, dersom dei har moglegheit til det.
Sjå også:
Kva er forskjellen på medlåntakar og kausjonist?
Det å auke inntekta vil også vere ei mogleg løysing, sjølv om det er enklare sagt enn gjort. Det er nokre grep du kan vurdere:
Hugs at den endringa du gjer er noko som skal vere berekraftig over tid. Det er ikkje alle som vil ha to jobbar viss dei planlegg å stifte familie, til dømes.
Nokre gonger kan det vere lurt å senke krava litt for å kome seg inn på bustadmarknaden. Dei færraste får kjøpt draumebustaden med ein gong. Finn ut kva som er aller viktigast for deg, og juster søka dine deretter:
Ved å gå mot straumen kan du spare mykje pengar og dermed vere nærare eit bustadkjøp.
Viss du innser at det å kjøpe bustad no ikkje er mogleg, må du ikkje miste motet. Det betyr berre at du er nødt til å legge ein meir langsiktig plan for å nå målet.
Sett opp eit budsjett og sjå kor du eventuelt kan kutte utgifter. Med ein langsiktig spareplan vil du månad for månad vere nærare å kunne kjøpe din første bustad.
Snakk med rådgjevaren din i banken for å finne din veg inn på bustadmarknaden.
Snakk med oss – også om du ikkje oppfyller krava
Kva du kan få i bustadlån påverkast av mange faktorar. Derfor anbefaler vi å sende inn ein søknad og ta ein prat med rådgjevar, òg om du tenker at draumen om eigen bustad er langt unna akkurat no.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium