Kva er forskjellen på medlåntakar og kausjonist?

Ein medlåntakar er like ansvarleg som hovudlåntakar for at lånet blir nedbetalt, og har meir ansvar enn ein kausjonist. Vi kallar medlåntakar og hovudlåntakar samskyldnarar. Ein kausjonist blir først stilt ansvarleg om lånet blir misleghalde. 

Medlåntakaren er ansvarleg til heile lånet er nedbetalt, medan ein kausjonist kan velje å berre garantere for delar av lånet. Kausjonist blir ofte brukt viss du manglar pengar til eigenkapital, medan medlåntakar kan vere ei løysing for å kompensere for låg inntekt.

Sjå også
Kva er medlåntakar?
Kva er kausjonist?