Om du tar opp lån saman med nokon blir de ofte omtalt som medlåntakar og hovudlåntakar. De blir samskyldnarar for lånet. Enklare forklart: De har like stort ansvar for at lånet blir nedbetalt. Medlåntakaren er som oftast sambuar eller ektefelle.
Fordelen med ein medlåntankar er at du kan få eit større handlingsrom enn om du låner åleine. Når du tar opp bustadlån kan ikkje samla gjeld vere høgare enn 5 gonger inntekta di. Med to eller fleire låntakarar vil det vere den samla inntekta (og gjelda) som blir vurdert når lånesøknaden blir behandla.
Sjå også
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Kva er forskjellen på medlåntakar og kausjonist?