Tips og råd
Tips og råd
Korleis kjøpe seg inn i bustad?
Vurderer du å kjøpe deg inn i sambuaren sin bustad? Så spennande! Då er det ein del ting som er viktig å tenke på. Her er våre råd på reisa til det å bli bustadeigarar.
Tips og råd
Vurderer du å kjøpe deg inn i sambuaren sin bustad? Så spennande! Då er det ein del ting som er viktig å tenke på. Her er våre råd på reisa til det å bli bustadeigarar.
Ja, for dei aller fleste lønner det seg å kjøpe seg inn i sambuaren sin bustad. Viss du ikkje er medeigar i bustaden, er du heller ikkje med i bustaden si verdiauke over tid. Det har ikkje noko å seie kor mykje du har betalt i husleige, eller at du har bidratt til straumrekningar, vedlikehald eller betalt ned felles billån.
Eit av dei vanlegaste argumenta for å kjøpe framfor å leige er at det er meir økonomisk å betale ned på lån framfor å betale leige. Når du betaler leige har du uansett indirekte vore med på å betale ned bustadlånet.
Den som ikkje står som eigar av bustaden vil i realiteten stå på bar bakke dersom forholdet ryk, og kjem dermed svært dårleg ut av det økonomisk.
Kort fortalt: Så lenge du har råd til å betene lånet og har eigenkapitalen til å kjøpe deg inn vil det å eige lønne seg.
Sjå også:
Eige eller leige?
Fordelar
Ulemper
Ein annan fordel er at de blir pusha til å snakke saman om økonomi, noko mange synest er ubehageleg i eit nytt forhold. Prøv å sjå det som noko positivt, kanskje de kjem enda nærare kvarandre?
Eigarandel fortel kor stor prosent kvar av de eig av bustaden. Korleis eigarandel i ein bustad skal fordelast kan ein bestemme sjølv. Her er nokre vanlege løysingar:
Uansett kva løysing ein vel er det viktig at fordelinga blir rettferdig.
Viss det dreier seg om ein sjølveigarbustad må du betale dokumentavgift på din andel. Dette kjem i tillegg til kjøpesummen, og avgifta er på 2,5 prosent.
Så lenge du har planar om å bu i bustaden ei stund kan du historisk sett vere trygg på at du får tilbake den kostnaden i form av verdiauke. Viss de ikkje planlegg å bu i bustaden spesielt lenge kan det vere lurt å vurdere å vente med å kjøpe seg inn.
Viss det dreier seg om aksjeleiligheit eller leilegheit i burettslag slepp ein dokumentavgift. De slepp også dokumentavgifta viss de er gift.
Sjå også:
Kva er forskjellen på sjølveigar og burettslag?
Husforsikring kjem de ikkje utanom viss de har hus saman. Ei husforsikring forsikrar mot blant anna brann og vasslekkasjar. I tillegg bør innbuforsikringa vere på plass.
Når de eig saman er det viktig å tenke smart rundt økonomi og sikre kvarandre viss det skulle skje noko. Vi anbefaler sterkt å ha livsforsikring når de har felles gjeld. Dette er ei forsikring som dekker den etterlatne viss du dør. Denne forsikringa blir også ofte omtalt som gjeldsforsikring.
Snakk med rådgjevaren din for å få råd og hjelp til å teikne forsikringar.
Uansett kva du måtte lure på kan du snakke med oss. Vi er tilgjengeleg på chat, telefon og kontor. Avtal gjerne eit møte med rådgjevar for å få hjelp gjennom låneprosessen.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium