Det er fleire reglar for BSU-sparinga. Ein av dei er at pengane du sparer på BSU-kontoen er øyremerka til bustad.
Dette kan du nytte pengane frå BSU-kontoen til:
- Pengane kan du bruke til eigenkapital ved bustadkjøp, nedbetaling av bustadlån eller kjøp av byggetomt.
- Pengane kan brukast til bygging av garasje.
- Pengane kan brukast til oppussing, påbygging og vedlikehald på bustaden din.
Du er sjølv ansvarleg for kva du bruker BSU-pengane til. Dersom BSU-pengane blir brukt til føremål som ikkje er godkjent i samsvar med Skatteetaten sine reglar, er det du som er pliktig til å informere Skatteetaten.
Ikkje godkjent bruk av BSU-pengar vil føre til at du må betale tilbake det du har fått i skattefrådrag på sparinga.
Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år. Desse er ikkje låste før årsskiftet og kan takast ut igjen.