Kor mykje kan eg låne?
Ein lånekalkulator gir ein pekepinn på kor mykje du kan låne. I tillegg er det nokre reglar alle bankar må følge som påvirkar kva du kan få i lån. Lær meir om kor mykje du kan låne her.
Ein lånekalkulator gir ein pekepinn på kor mykje du kan låne. I tillegg er det nokre reglar alle bankar må følge som påvirkar kva du kan få i lån. Lær meir om kor mykje du kan låne her.
Utlånsforskrifta, tidlegere kalt bustadlånsforskrifta, legg føringar for kor mykje du kan få i lån. Dette er reglane:
Sjølv om du har kausjonist må du i utgangspunktet møte dei same krava når det gjeld lån i forhold til inntekt og renteauke. Likevel kan vere det enklare å få lån viss du har kausjonist, fordi kausjonisten (som regel foreldre) garanterer å betale lånet ditt viss du ikkje klarer det sjølv.
Som oftast vil ein kausjonist garantere for den delen av lånet som overstig 90 % av kjøpesummen, sånn at den som skal låne ikkje treng å oppfylle kravet om eigenkapital.
For å finne ut kor mykje akkurat du kan låne er du nøydd til å sende inn ein utforpliktande lånesøknad. Bustadlånkalkulatoren vår gir deg likevel ein god indikasjon.
Låner du 2 millionar over 25 år kostar lånet totalt 3.775.115 kr. Effektiv rente er 5,91 % og månadleg terminbeløp 12.575 kr
Bustadlånskalkulatoren gir deg ein indikasjon på kor mykje du kan låne. Det er fleire ting som påverkar kor mykje akkurat du kan få i lån.
For å få eit nøyaktig lånetilbod må du sende oss ein søknad. Det tar berre eit par minutt, forpliktar ikkje noko, og er sjølvsagt heilt gratis.
Medlem i eit LO-forbund? Då har du andre renter og fordelar.
Lurer du på kva eit bustadlån kostar? Det kjem mellom anna an på storleiken på lånet, kva slags lån du har og kor lang nedbetalingstida er.
Lånekalkulatoren vår gir ein idé om kva lånet vil koste. Sjekk lånekostnader og lær meir om kostnadar til lån her.
Når vi får ein søknad om finanseringsbevis får du normalt sett svar etter 1-2 arbeidsdagar, men det kan variere mellom høg- og lågsesong. Med eit finansieringsbevis har du ei stadfesting på at du har fått innvilga lånet ditt, og er klar til å hive deg inn i bodrunden.
Finansieringsbeviset kan du enkelt finne i mobilbanken din. Hugs at du ikkje bør fortelje eigedomsmeklaren kor mykje du har fått i finansieringsbevis. Dette er forhandlingskortet ditt i bodrunden.
Sjå også
Kva er eit finansieringsbevis?
Forskjellen på annuitetslån og serielån ligg i fordelinga mellom avdrag og renter gjennom løpetida på lånet.
Med eit annuitetslån betaler du same beløp kvar månad gjennom heile løpetida på lånet, gitt at renta er uforandra. Det betyr at at avdragsdelen blir større og rentedelen mindre etter kvart som du betalar ned på lånet.
Med eit serielån betaler du mindre for kvar månad du betaler ned på lånet. Rentedelen går ned medan avdragsdelen er den same.
Søylene viser fordelinga mellom renter og avdrag med annuitetslån. Rentedelen fell, medan avdragsdelen aukar tilsvarande.
Søylene viser fordelinga mellom renter og avdrag med serielån. Avdragsdelen er den same gjennom heile låneperioden.
Kva anbefaler vi?
Annuitetslån er den vanlegaste og mest forutsigare låneforma. Derfor har òg annuitetslån blitt standard låneform for alle som søker bustadlån i dag. Dersom du har råd til å betale dei månadlege beløpa som serielånet startar med, kan det lønne seg for deg å velje eit annuitetslån med kortare løpetid.
Om du tar opp lån saman med nokon blir de ofte omtalt som medlåntakar og hovudlåntakar. De blir samskyldnarar for lånet. Enklare forklart: De har like stort ansvar for at lånet blir nedbetalt. Medlåntakaren er som oftast sambuar eller ektefelle.
Fordelen med ein medlåntankar er at du kan få eit større handlingsrom enn om du låner åleine. Når du tar opp bustadlån kan ikkje samla gjeld vere høgare enn 5 gonger inntekta di. Med to eller fleire låntakarar vil det vere den samla inntekta (og gjelda) som blir vurdert når lånesøknaden blir behandla.
Sjå også
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Kva er forskjellen på medlåntakar og kausjonist?
Forskjellen er om gebyr og andre kostnader er inkluderte eller ei.
Derfor bør du samanlikne den effektive renta til bankane, og ikkje den nominelle renta, når du skal søke lån. Når du samanliknar effektiv rente er det viktig at du ser på nedbetalingstida. For å kunne samanlikne effektiv rente må nemleg nedbetalingstid vere heilt lik, då den effektive renta vil i mange tilfelle bli lågare viss du aukar nedbetalingstida på lånet.
Sjå også
Korleis samanlikne bustadlån?
Kva er forskjellen på fast og flytande rente?
Ein kausjonist er ein person (som regel foreldre) som gir ein garanti til banken om å betale lånet ditt viss du sjølv ikkje klarer det. Den vanlegaste formen for kausjon er realkausjon, som vil seie at banken får tilleggssikkerheit i bustaden til kausjonisten.
For unge som skal kjøpe bustad for første gong, kan kausjon vere god løysing for å få det lånet dei har behov for. Foreldre bør likevel tenke godt gjennom ansvaret sitt før dei inngår ein kausjonsavtale.
Sjå også
Kausjonist – kva betyr det?
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium