Mastercard Ung

Er du under 34 år? Då kan Mastercard Ung vere kredittkortet for deg.

Er du medlem i eit LO-forbund? Sjekk ut LOfavør Mastercard Ung

Prisdøme: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner.

To unge kvinner betaler med kort på butikk

20 % rabatt på strøymetenester som Spotify og Netflix

Gratis reiseforsikring når minst halvparten av reisa er betalt med kredittkortet

Ingen årsavgift

Prisar på Mastercard Ung

  • Ingen årsavgift
  • Inntil 45 dagars rentefri kreditt
  • Varekjøp i Norge og utlandet*: 0 kr
  • Kontantuttak i Norge: 40 kr + 1 % av beløpet
  • Kontantuttak i lokal valuta i utlandet: 0 kr (NB! Nokre minibankar i utlandet krev eige gebyr.)
  • Kontantuttak i utlandet som blir belasta i norske kroner blir prisa som kontantuttak i Norge

Priseksempel ved utsett betaling: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner. Produktet er levert av SpareBank 1 Kreditt ASA.

*Når du nyttar kortet i utlandet eller til uttak av utanlandsk valuta, blir beløpet omrekna til norske kroner. Kursen du får er Mastercard sin kurs på oppgjersdag pluss eit valutapåslag på 2 %.

Kortet er produsert av resirkulert plast.

Kven kan få kredittkort?

For å få kreditt hos oss må du vere over 18 år og ha norsk fødselsnummer. Du kan ikkje ha betalingsmerknadar.
 

Om reiseforsikringa

Minst 50 prosent av transportkostnaden til reisa må vere betalt med kredittkortet. Forsikringa gjeld reiser med varigheit innanfor 90 dagar. Inntil fire personar– familie eller andre medreisende– er forsikra.

Du er dekka av eigenandelsforsikringa på leigebil når du har betalt leigebilen eller reisa med kortet.

For å melde skade, tjuveri, forsinka bagasje eller sjukdom, ring SpareBank 1 Forsikring på 915 02 300, frå utlandet +47 915 02 300.

Ved akutt sjukdom og alvorlege ulykker ring: SOS internasjonal +45 38 48 88 35

 

Faktura og innbetaling

Du vil få faktura ein gong i månaden så lenge du har brukt kortet. Den inneheld kjøp du har gjort siste periode. Har du til dømes forfall den 15. februar, vil alt du har brukt i januar komme med på fakturaen. Bestiller du eFaktura i nettbanken, unngår du fakturakostnadar.
 

Behandling av personopplysningar

SpareBank 1 Kreditt (kortutstedar) er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane som blir behandla med grunnlag i avtaleforholdet med korthaldar. 

  • Kortutstedar vil behandle (innhente, bruke og/eller utlevere) personopplysningar om korthaldar innanfor rammer som er gitt i personopplysningslova. Formålet med behandlinga vil i første rekke vere å gjennomføre avtalen om betalingskort, herunder kundeadministrasjon og fakturering.
  • Etter reglar i finansieringsverksemdslova vil kortutstedar òg behandle kredittopplysningar og andre personopplysningar i samband med system for utrekning av kapitalkrav for kredittrisiko.
  • Vidare vil kortutstedar behandle personopplysningar med sikte på å forhindre misbruk av betalingskortet og dessutan førebygge og avdekke straffbare handlingar. Registrerte personopplysningar kan bli utlevert til offentlege styresmakter og andre utanforståande når dette følger av lovfesta opplysningsplikt eller opplysningsrett.

Ei nærare skildring av kortutstedar og banken si behandling av personopplysningar finn du under personvern.

Du kan kontakte personvernombodet i SpareBank 1 Kredittkort på personvern.kreditt@sparebank1.no eller på telefon (+47) 73 88 44 26 om du har spørsmål rundt personvern og bruk av personopplysningane dine.
 

Fordelar med Mastercard Ung

Rabatt på strømming

Betaler du med Mastercard Ung for strøymetenester som til dømes Spotify og Netflix får du 20 % rabatt på tenestene du abonnerer på, inntil 500 kroner per år. Denne rabatten blir trekt frå automatisk.  Sjå kva strøymetenester som har denne rabatten.

Tryggare netthandel

Du slepp å betale på forskot, og du er sikra gjennom eigne lovføresegner. Det betyr at banken kan hjelpe deg viss du ikkje får det du har betalt for, viss du blir svindla eller leverandøren går konkurs. Hugs at kjøp i appar og strøymetenester også er netthandel.

Reiseforsikring inkludert

Betalar du minimum halvparten av reisa med Mastercard Ung er reise- og avbestillingsforsikring inkludert. Den kan gi deg erstatning dersom bagasjen din blir borte, eller du blir sjuk eller skada på reisa. Eigenandel på leigebilforsikring er òg inkludert.

Konsertar og festivalar

Med Mastercard Ung kan du få tilgong til billettar til utselde konsertar, eller rabatterte billettar til fleire arrangement.

Meld deg på gratis SMS-varsling og få kjennskap til tilboda to dagar før salet startar. Send KULTUR til 02455

Få mest mogleg ut av kortet

Kva er forskjellen på bankkort og kredittkort? Kva kort er best å bruke på ferie? Kva med netthandel? For deg som nettopp har fått det første kredittkortet ditt er spørsmåla mange. Her finn du svara – og nokre ekstra tips på vegen.

5 gode grunnar til å la kredittkortet bli reisekortet

ID-tjuveriforsikring i kredittkortet

Med ID-tjuveriforsikring får du:

  • hjelp over telefon og god rådgjeving viss nokon misbruker identiteten din for lån og kredittar.
  • dekka juridisk bistand med inntil 1 million kroner.
  • hjelp med juridiske kostnadar for å fjerne betalingsmerknader som følge av ID-tjuveri.

Forsikringa kostar 25 kroner i månaden, og du kan slå den av og på når du vil. Les meir om forsikringa.


Kva lurer andre på?

Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }