Valutapåslag
Som hovudregel vil det lønne seg for deg å betale i lokal valuta når du handlar med kort i utlandet. Dette sjølv om du må betale eit valutapåslag.
Korleis kan det ha seg, og kva er eigentleg valutapåslag?
Som hovudregel vil det lønne seg for deg å betale i lokal valuta når du handlar med kort i utlandet. Dette sjølv om du må betale eit valutapåslag.
Korleis kan det ha seg, og kva er eigentleg valutapåslag?
Når du betaler med kort i utlandet, vil du av og til bli stilt overfor valet om du vil betale i lokal valuta eller i norske kroner. Dette valet kan vere vanskeleg å forstå, og kanskje verkar det tryggast å velje norske kroner. Likevel er dette som oftast det dyrare alternativet.
Vel du å betale i norske kroner, overlèt du til butikken eller den lokale banken å veksle pengane for deg. Denne vekslingsjobben tar dei seg gjerne godt betalt for, slik at dei tener nokre ekstra kroner på kjøpet. I tillegg må dei sikre seg mot at valutakursen går opp på tida det tar frå du handlar til oppgjerstidspunktet. Derfor endar du så godt som alltid opp med å betale mindre om du betaler i lokal valuta, sjølv når du tar med valutapåslaget i reknestykket.
Kva er valutapåslag?
Valutapåslaget er eit gebyr du betaler når du bruker kortet i utanlandsk valuta. Påslaget er mellom anna meint å dekke avgifter til Mastercard og Visa. Hos SpareBank 1 er valutapåslaget 2 %.
Alle norske bankkort har valutapåslag, uansett om kortet er eit vanleg debetkort eller eit kredittkort, og uavhengig av kva bank du får kortet frå. Kort utan valutapåslag finst rett og slett ikkje på den norske marknaden.
Eit valutapåslag på 2 % betyr at ei vare som omrekna i norske kroner kostar 1000 kroner vil koste deg 20 kroner meir, altså 1020 kroner.
Berekn valutapåslaget
Med vår valutabereknar finn du ut kor mykje vara kostar i norske kroner.
Valutakalkulatoren viser også kor mykje valutapåslaget utgjer.
Kvifor lønner det seg å betale i lokal valuta?
Trass i valutapåslaget på 2 % er det altså som regel mest lønnsamt å betale med lokal valuta når du bruker kortet i utlandet.
Hovudårsaka til dette er at vi typisk kan tilby ein lågare valutakurs enn butikken du handlar i.
Selskapa Mastercard og Visa behandlar millionar av korttransaksjonar kvar dag, og sender derfor veldig mykje pengar mellom land og mellom valutaer. Dei er blant dei selskapa i verda som kjøper mest valuta, og denne stordriftsfordelen gjer at dei kan forhandle fram svært gode vekslingskursar som du får dra nytte av når du bruker kortet. Kursane dei får er mykje betre enn det restauranten i Paris eller supermarkedet i Barcelona kan få.
Vel du å betale i lokal valuta, tar vi oss av vekslinga. Du får derfor ein meir gunstig valutakurs, og får i dei aller fleste tilfella ein lågare totalsum – sjølv med valutapåslaget inkludert. Ved kontantuttak slepp du òg gebyr når du vel å bli belasta i lokal valuta.
Betal alltid i lokal valuta Alltid.
Ein av kundane våre handla for 1.995 euro i Spania og betalte med kort. Hadde han betalt i euro, ville han fått kursen 12,06 kr/euro. I staden valde han å betale i norske kroner. Kursen han fekk var 12,98 kr.
Det valet kosta han 1.840 kroner.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium