Bankkort

Med bankkort har du alltid tilgong til pengane dine. Kvar gong du bruker bankkortet, blir kontoen din belasta direkte.

Mann betaler med bankkort i butikk
Betal kontaktlaust når du er på farta. Du slepp å taste PIN for beløp under 500 kroner.
Bruk kortet med smartklokker som Garmin Pay og Fitbit Pay på løpetur eller på stranda.
Bestem kva land kortet skal verke i med regionsperre, slik at du har full kontroll.

Prisar på bankkort

  • Årsavgift 300 kr
  • Gratis varekjøp i heile verda
  • Kan variere ved uttak i minibankane til andre bankar
  • 35 kr ved uttak i minibankar i utlandet
  • 1,95 % valutapåslag ved varekjøp og kontantuttak i utlandet

Kortet er produsert av resirkulert plast.

Vilkår

Her kan du laste ned vilkåra for bankkort.

No kan du tæppe med Vipps 🎉

Gløymt lommeboka? Null stress – du kan jo berre tæppe med Vipps! Aktiver kortet ditt i Vipps-appen og vipps – så er du i gang!

Spar pengar kvar gong du bruker kortet

Skulle du gjerne ha spart litt meir til ein ny sykkel eller draumeferien? Med mikrosparing kjem du litt nærare sparemålet ditt kvar gong du bruker kortet. 

Du vel sjølv beløpet i mobilbank eller nettbank: Eit fast kronebeløp kvar gong du bruker kortet, ein prosentsats av kjøpsbeløpet, eller runde opp til næraste beløp kvar gong du handlar. Så enkelt!



Set inn pengar når du er i matbutikken

Har du kontantar som du skulle ha sett inn i banken? No kan du både ta ut og setje inn pengar på konto i alle Meny- og Kiwi-butikkar, dei fleste Spar-butikkane og enkelte Joker-butikkar.


Kortreklamasjon

  • Fekk du ikkje vara du bestilte?
  • Gjekk seljaren konkurs?
  • Blir du framleis belasta for eit abonnement du har sagt opp?
  • Har du blitt svindla eller kjenner ikkje igjen transaksjonen?

Då kan du krevje refusjon og få tilbake pengane dine ved å sende inn ein reklamasjon.

Hugs sikker kortbruk

Pass på kort og kode

Lær deg PIN-koden utanåt. Koden er det berre du som skal kunne. Sjølv ikkje banken eller politet treng å vite koden. Viss du har gløymt koden, finn du han igjen i mobilbanken og nettbanken. 

Lån aldri bort kortet og ikkje slepp det av syne viss du må levere det frå deg for å betale, til dømes på restaurant. Ta med to kort med på reise, og ta vare på dei separat.

Unngå ID-tjuveri

Pass på at ingen kikkar deg over skuldra. Det er viktig å verne om bankkort, passord og kodar. Då er du ekstra godt rusta viss du blir utsett for eit ID-tjuveri.


Kva lurer andre på?

Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }