Tips og råd
Bankkort for barn
Med eit eige bankkort og Spink-appen kan barn lære seg å handtere eigne pengar. Det er trygt, praktisk og gir god oversikt over pengebruken.
Med eit eige bankkort og Spink-appen kan barn lære seg å handtere eigne pengar. Det er trygt, praktisk og gir god oversikt over pengebruken.
Saman med kortet får barnet sitt eigen sparekonto og Spink. Kan bestillast frå barnet fyller 6 år.
Barnekortet har eigen kode, beløpsgrense og kan berre brukast når det er pengar på konto.
Med Spink kan barnet halde oversikta på mobilen over kor mykje pengar det er på kortet.
Eige bankkort gir barnet eit bevisst forhold til pengebruk og kortsikkerheit.
Kortet er produsert av resirkulert plast.
Her kan du laste ned vilkåra for bankkort for barn.
For å handle på nett må du vere 13 år eller eldre og ha BankID. Har kortet ditt kortnummeret (16 siffer) printa på baksida, er det ikkje nødvendig å bestille nytt kort når du fyller 13 år for å få netthandel. Då ligg netthandel klart og viss foreldra dine bestiller BankID til deg, kan kortet brukast til å betale på nett.
Det skuldast mest sannsynleg at det ligg inne beløpsgrense på kortet ditt, for sikkerheita di. Beløpsgrensa for varekjøp er 1000 kroner i løpet av 4 dagar, og for minibankuttak er det 1000 kroner i løpet av 4 dagar.
Sei i frå til foreldra dine så fort som mogleg. Dei kan både sperre og bestille nytt kort til deg i nettbanken. Nytt kort kjem i posten i løpet av 7-10 dagar.
Ja, og det er dei same reglane som i Norge på kor mykje du kan ta ut. Maksgrensa for varekjøp er 1000 kroner i løpet av 4 dagar, og for minibankuttak er det 1000 kroner i løpet av 4 dagar.
Snakk med foreldra dine så dei kan kontakte banken.
Med vennebetaling kan du sende pengar til venner og familie uansett bank, så lenge vennen du legg til er godkjent av foreldra dine.
Snakk med foreldra dine. Dei kan bestille nytt kort i nettbanken.
.
Bankkort er den vanlegaste måten å betale på i Norge. Derfor er det viktig at barna ikkje berre lærer seg å bruke kontantar, men òg korleis dei kan betale med kort på ein sikker og god måte. Dette bør skje allereie frå tidleg alder, men når bør dei eigentleg få eit heilt eige bankkort?
Spink er mobilbanken for barn og unge. Spink er ein app som gir barn og unge oversikt over kor mykje pengar som er på bankkortet og kva pengane har gått til.
I Spink kan barna òg få ein eigen sparekonto, slik at dei kan setje seg eigne sparemål og overføre pengar sjølv. Det er god motivasjon til eiga sparing.
Spink lar også barna bruke vennebetaling til mottakarar som er godkjente av ein forelder.
Når barna skal begynne å bruke kort er det viktig at dei forstår pengebruk og kortsikkerheit. Her får du tips om kva barna bør vite før dei begynner å bruke bankkort for barn.
Mista kortet?
Gi beskjed til foreldre så fort som mogleg slik at dei kan sei ifrå til banken.
Oppbevare PIN-koden på ein hugselapp?
Nei, lær koden utanåt.
Dele PIN-koden med andre?
Nei. Koden er hemmeleg. Ikkje fortel koden til andre.
Med mikrokort kan barnet ditt ha bankkortet sitt tilgjengeleg utan å ha med lommeboka. Mikrokortet er på størrelse med eit SIM-kort, og er enkelt å feste på klokkereima eller eit armband.
Beløpsgrensa for varekjøp er 1000 kroner i løpet av 4 dagar, og for minibankuttak er det 1000 kroner i løpet av 4 dagar.
Det er inga øvre grense for kor mykje pengar som kan setjast inn på kortet.
Ja, bankkort for barn kan brukast til kontantuttak i butikk, men det er beløpsgrense på kortet. Maksbeløpet for kontantuttak og varekjøp i butikk er 1000 kroner i løpet av 4 dagar.
På baksida av kortet står namnet til den som eig kortet og kontonummeret som kortet er tilknytta. I tillegg står det ein dato for kor lenge kortet er gyldig. I signaturfeltet på baksida kan det stå ein kode viss kortet er klargjort for netthandel.
Barnet kan signere kortet, men det har inga praktisk tyding for bruk av kortet.
Bankkort for barn har ei nedre aldersgrense på 6 år og passar fram til barnet fyller 13 år.
Det tar 7–10 dagar. Vi gir beskjed på SMS når kortet blir sendt i posten.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no