Når bør barnet få bankkort?

Ingen barn og ingen foreldre er like. Derfor finst det heller ikkje noko fasitsvar på når barnet ditt bør få eige bankkort. Når du skal vege for og imot, kan vi hjelpe deg med gode råd. 

Spink – mobilbank for barn og unge

I mobilbank-appen Spink kan barnet sjølv sjå kor mykje pengar som er på kortet, betale og overføre pengar til vener og familie. 

Bankkort er den vanlegaste og mest føretrekte betalingsforma i Norge. Derfor er det viktig at barna ikkje berre lærer å handtere kontantar, men også digitale pengar, allereie frå tidleg alder. Det meiner Anne Gundersen, konseptansvarleg for familie i SpareBank 1.

- Det er sjølvsagt foreldra som kjenner barnet sitt best, og som veit når det er klar for det. Men ein tommelfingerregel er at dersom ein meiner at barnet er gammalt nok til å gå rundt med kontantar, så er det sannsynlegvis også gammalt nok til å ha eige bankkort, seier Gundersen.

Les meir om bankkort for ungdom

Bruker du kort eller kontant sjølv?

I ei undersøking gjennomført av Kantar TNS for SpareBank 1, seier 40 prosent av foreldra at dei meiner at barna kan få eige bankkort før dei er 13 år. Undersøkinga viser også at nærare ni av ti 14- og 15-åringar allereie har eige bankkort.

Gundersen meiner det kan vere fleire grunnar til at dei eldre barna allereie har eige bankkort. Først og fremst fordi dei er meir modne enn dei yngre barna, men også fordi det er praktisk for foreldra - særleg når mange foreldre sjølv opererar utan kontantar i dagleglivet.

- Vi vaksne bruker stort sett alltid digitale løysingar, og for mange er det lettare å overføre eller Vippse pengar enn å ta ut kontantar. I tillegg kan det opplevast som tryggare at barna ikkje har fysiske pengar som dei kan miste eller bli fråstole, seier Gundersen.

Fordelen med bankkort er at tapet blir dekt dersom barnet skulle miste det, medan med kontantar er pengane tapt viss barnet er så uheldig å miste dei på vegen. 

Les også: Tenk deg om før du lånar bort bankkortet til barna

Ein digital generasjon

Barn som veks opp i dag har eit heilt anna forhald til den digitale verda enn foreldra sine. Dei er oppvaksne med internett og lærer allereie i barnehagealder om virtuelle produkt og netthandel. Det betyr at dei er nøydde til å lære seg den abstrakte verdien av pengar tidlegare enn før, meiner Anne Gundersen.

- Sjølv om barn ofte har ein sparegris med myntar i, ser dei stadig sjeldnare foreldra bruke kontantar som betalingsmiddel. Når mor eller far handlar til dømes matvarer på nett, i staden for med setlar i kassa på butikken, gjer det noko med forståinga til barn av pengar og verdi, seier Gundersen

Ved å gi barna bankkort gir du dei moglegheita til å lære seg trygg kortbruk tidleg, samtidig som de foreldre kan følge med på transaksjonane.

Andre sider for deg

Snakk med barna om pengar
3 tips til korleis lære barn om økonomi.
Kor kjem pengane frå?
Mange barn trur at bankkort er ei utømmeleg kjelde til pengar.
God læring i lommepengar
Barn lærer gjennom praktisk øving. Kva med å innføre lommepengar?
Skal barn tenke på pengar?
Pengar er ein del av kvardagen, det kan du utnytta for jamleg læring.
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }