Barn må få vera barn. Sjølv om ansvaret for familieøkonomien ligg hos dei vaksne, er mange barn opptekne av pengar. Snakk med barna om økonomi, då gir du dei eit godt grunnlag for gode pengevanar seinare i livet.
Kvifor skal barnet mitt tenke på pengar?
– Barna vi har snakke med er ikkje interesserte i økonomi, men dei er veldig opptekne av pengar! Det kjem fram at det er noko dei ikkje snakker nok om heime, sjølv om dei både har interesse for det og mange spørsmål, fortel Anne Gundersen, mamma og fagansvarlig i SpareBank 1.
Snakk enkelt om pengar
Gundersen trekk fram viktigheita av å snakke eit språk barna forstår når du skal snakke med dei om pengar og økonomi.
– Barn forstår veldig mykje, men vi vaksne har ein tendens til å bruke vanskelege ord og uttrykk når vi skal forklare eller snakke med barn om økonomi. Ved å bruke ord og uttrykk barna sjølv bruker, slik som «pengar inn» i staden for «saldo», kan du gjere økonomi meir forståeleg.
Øving gjer meister!
Sjølv om mange tenker at dei på eit tidspunkt skal setja av litt tid til å læra bort gode pengevanar, opplever nok mange foreldre at tida går og moglegheitene til å læra bort med ho.
– Å utsetja det til seinare, eller droppa det heilt, er ein framgangsmåte som barna og tenåringane lærer lite av. Plutseleg er dei vaksne og skal klare seg økonomisk sjølv, seier Gundersen.
For at barna skal lære er Gundersen opptatt av at ein må la barna få tenke sjølv og øva seg med mindre beløp.
– Barna vi har snakka med seier at det gir ein mestringsfølelse når dei har oversikt over eigne pengar. Då kan dei sjekke kor mykje pengar dei har og gjer eigne vurderingar på korleis dei skal bruke pengane, fortel Gundersen.
Korleis snakke om pengar?
Ein brus kostar 25 kroner. Visste du at viss du kjøper ein sånn kvar dag så er det over 9000 kroner i året? Hadde du droppa brusen og spart dei pengane så hadde du hatt mykje pengar til å kjøpe deg det du ønsker deg aller mest. Viss du måtte velja: Ville du hatt 25 kroner i dag, eller vil du venta tre dagar til og så ha 100 kr? Ville du hatt ein brus i dag, eller 100 kroner OG ein brus laurdag?
I dag fekk eg lønn for jobben eg gjer. Lønna er vi avhengige av for å ha råd til alt vi treng. Det fyrste vi gjer når lønna kjem er å betala rekningar. Så bruker vi litt pengar kvar veke på mat og andre ting vi treng. Noko sparer vi òg til seinare, og noko kan vi kanskje kjøpa ein is for i dag. Kunne du tenkt deg å tene pengar, kva oppgåver kunne du gjort for vekelønn?
Rekningar får vi fordi vi har kjøpt noko, eller fordi vi skylder noko. Ting vi treng som straum, telefon og TV, kostar pengar. Det same gjeld ting ein er med på, som idrettslaget, treningsstudio og korpset. Rekning på lån betalar vi fordi vi har lånt pengar til å kjøpe hus. Det lånet betalar vi tilbake litt av kvar einaste månad, heilt til vi ikkje skylder noko lengre. Kva i huset trur du vi betalar for, og kva trur du det kostar?
Neste sommar skal vi på ferie i to veker. Ein slik ferie kostar ofte mykje pengar. Det betyr at allereie no så må vi byrje å spare litt kvar månad, slik at vi kan kose oss i ferien. Kanskje du òg vil spara litt, så du kan ha med deg nokre pengar du kan bruke på akkurat kva du vil når vi er der?
Les òg: Lær barna å spare
Trygt og lærerikt med digitale verktøy og eige bankkort
Noko som gir foreldre ei god moglegheit til å sette seg ned med barna for å snakke om pengar er å gjere dei klar for å få eige bankkort. Ved å snakke med barna om kortvit og laste ned appen Spink, barnas eigen mobilbank, gjer du dei rusta til å ta i bruk eige bankkort.
– Vi ser at Spink er eit fantastisk verktøy for barn både i barneskulen og godt oppi tenåra, og som forelder får du inngang til gode samtalar om pengar, samtidig som du har full oversikt og kontroll, avsluttar Gundersen.