Alle veit at det er lurt å spare, det veit barna òg – men korleis skal vi lære barna det?
Snakk med barnet om sparing
Sparing er ikkje alltid like lett, og når du er liten har du kanskje ikkje så stor forståing for kva ting kostar, eller at du må spare for å kjøpe deg ting. Eit tips for å lære barn om sparing er å setje opp eit sparemål, til dømes eit spel, sykkel, leikar eller noko anna barnet ønsker seg. Sparer barnet til noko konkret vil det gjer det lettare og meir motiverande å spare.
– Ved å gi barna små faste beløp, der noko kan brukast på laurdagsgodt og noko til sparing, kan det hjelpe å skjønne korleis det å bruke pengar påverkar sparingen. Det gir de òg eit fint høve til å snakke om korleis barnet bør bruke pengar, seier Magne Gundersen forbrukarøkonom i SpareBank 1.
Forbrukarøkonomen er opptatt av at det er viktig å snakke med barn om økonomi og hjelpe dei i gong med sparinga.
– For at barna skal lukkast med sparinga må du som forelder setje av tid og snakke med barna om korleis dei skal spare. Det er òg viktig å følge opp barna undervegs i sparinga og vise interesse for sparemålet, presiserer Gundersen.
Motivasjon til å spare
For dei minste er det viktig med eit kortsiktig og spesifikt sparemål slik at barna ikkje mistar motivasjonen. Når barna blir eldre blir ofte tinga dei sparer til dyrare og sparemålene større. Då kan til dømes det å gjere enkle oppgåver for besteforeldre, naboar eller venner av familien vere ei moglegheit til å tene nokre kroner ekstra.
– Eit anna tips for å motivere til sparing er å spleise. Inngå ein avtale der de lèt barnet spara ein del sjølv og såg bidrar de med resten. Mange barn ynskjer seg òg pengar til jul og bursdag, det gir òg ei fin moglegheit for å spare, foreslår Gundersen.
Tom for pengar – inga krise
Forbrukarøkonomen oppmodar òg foreldra til å la barna kjenne litt på å gå tom for pengar. Det gir det eit godt høve til å snakka om forbruk.
– Det er viktig at de saman reflekterer rundt konsekvensane av å vere tom for pengar. Pengane skal halde ein heil månad, så kva skjer viss du brukar opp alle pengane med ein gong? Her er det mange moglegheiter for gode økonomiske samtalar, utdjupar Gundersen.
Så, la barna få ansvar for litt av pengane sine sjølv og prøv og feil, lyder oppfordringa frå Gundersen:
– Det gjer ikkje noko å gjere feil med små beløp, det er mykje tyngre og verre å feila med større beløp når du blir eldre, avsluttar han.
Vêr interessert og følg med på utviklinga i sparingen. La til dømes barna kjøpa laurdagsgodt sjølv, der de saman sjekkar saldo før og etter kjøpet for å sjå om det er noko pengar som kan setjast av til sparing.
Spareråd for eldre barn
Kan barnet tena nokre ekstra pengar? Avtal om å gjere nokre jobbar for besteforeldre, naboar eller venner av familien.
Kva med å spleise? La barnet spare mesteparten sjølv og bidra med resten.
Ynskje seg pengar til dømes til bursdag og jul. Og set pengane rett inn på konto.
Viss barnet får kontantar, sett pengane rett inn på konto. Får du setlar blir du lett freista til å bruke dei opp.
Mange barn trur at bankkort er ei utømmeleg kjelde til pengar.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}