Ung jente på butikk

Tips og råd

God læring i lommepengar

Barn lærer gjennom praktisk øving. Kva med å innføra lommepengar eller vekelønn? Då kan dei sjølv erfara korleis det er å tene, bruke og spare.

Snakk med barna om kva oppgåver dei skal få lønn for

Lommepengar er kanskje ikkje enkelt. Kor mykje og kor ofte skal de gi, skal det knytast opp mot oppgåver i heimen, og skal det overførast på kortet til barnet eller givast kontant? Det er berre nokon av spørsmåla du som forelder må ta stilling til. Forbrukerøkonom Magne Gundersen i SpareBank 1 meiner at korleis de som familie ønsker å gi lommepengar er opp til kvar enkelt.

– Skal du lære barna verdien av pengar må du snakke med dei om at det ligg ein innsats bak kvar krone. Alle bør delta i oppgåvene i heimen, men nokre litt større oppgåver kan ein bli samde om at dei kan få betalt for. Det er viktig at barna blir opp følgde såg dei veit kva det blir gitt lommepengar for og kva dei kan brukest til.  

Lære å spare, bruke, tene og dele

Mange foreldre snakker sjeldan, eller aldri med barna sine om forbruk og sparing. Dette har ei dokumentert tyding for korleis dei klarer seg økonomisk når dei skal stå på eigne bein som unge vaksne. Når lommepengar blir innførte bør dei òg få lov til å disponera desse pengane sjølv.

Eit tips er å la dei minste barna få kjøpe nokon av leikane sine sjølv. Etterkvart når barna blir eldre kan dei kjøpa og betala for litt større ting, dei kan til dømes kjøpa kleda sine sjølv. De foreldre kan gi ein sum pengar som skal gå til klede. Viss dei ønsker å kjøpe noko dyrt vil dei erfara at dei får mindre pengar til andre ting som kino, spel og anna gøy. Det vil også gi de eit fint høve til å snakke om sparing.

Når barna byrjar å disponera eigne pengar er det viktig at de foreldre følger opp og er interesserte, meiner Gundersen.

– Vêr nysgjerrig og vis interesse for økonomien i barnet og sparing. Saman kan de sjekka saldo før og etter dei har handla for då ser dei heilt konkret kor mykje dei har brukt og kor mykje dei har igjen. Då lærer dei korleis det er å ha og bruke pengar, seier Gundersen.

Ting å tenke på når de skal innføra lommepengar

  • Kva oppgåver er det sjølvsagt at barna bidrar med utan å få betalt, og kva oppgåver blir det gitte lommepengar for?
  • Kor ofte skal barna få lommepengar? Er barnet lite kan det kanskje få ein liten sum ein gong i veka, deretter annakvar veke og så kvar månad for dei eldre barna.
  • Kva dag kjem lommepengane?
  • Kva med lommepengeforhandlingar? Kor mykje synest barna sjølv at dei treng og kvifor?

Fast overføring av vekepengar

Eit smart tips for ein enklare kvardagsøkonomi og privatøkonomi er å sette opp fast overføring av vekepengar til barn. Då slepp du å hugse på det kvar veke. 

Sjå fleire tips og råd

Når bør barnet få bankkort?
Ingen barn er like. Derfor finst det heller ikkje noko fasitsvar.
Snakk med barna om pengar
3 tips til korleis lære barn om økonomi.
Kor kjem pengane frå?
Mange barn trur at bankkort er ei utømmeleg kjelde til pengar.
Ta med barna i butikken
Det er mykje å læra barna om pengar i butikken.
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }