Ung jente på butikk

Tips og råd

Lær barna om pengar i butikken

Ta med barna i butikken. Det er eitt av fem råd forbrukarøkonom Magne Gundersen har til korleis barn kan lære litt om økonomi.

Magne Gundersen
forbrukarøkonom

Snakk om kva ting kostar

Økonomi kan for mange barn verke komplisert, men det å bruke pengar på ein fornuftig måte går stort sett ut på at du ikkje kan bruke meir enn du har, og at du får mest mogleg ut av summen du har til rådvelde.

Butikken gjer de ei moglegheit til å snakke med barna om kva ting kostar, her kan du forklare dei kilopris, literpris og stykkpris og vise dei kva som er mest lønnsamt.

Mest ost for pengane

Når de skal handle kan det vere lurt å gå gjennom det de treng først. Skriv ein handleliste saman og la barna sjå kva vara kostar når de er i butikken.

Då kan de samanlikna varer og snakke om korleis de skal få mest ut av pengane. Eit døme er ost, han kjem i mange variantar. Du kan kjøpe dyr eller billeg ost, oppskåret eller som kilo, halv kilo, lite eller stort stykke.

– Mat på tube eller ferdig skiva ost er enkelt, men som regel dyrare enn ein større pakke. Så lenge de et opp maten vil det som oftast vere meir lønnsamt å kjøpe stor pakke sidan kiloprisen på dei store pakkane er lågare, seier Gundersen.

Har kanskje ikkje råd til alt

Magne meiner det er viktig å vise barna at ting kostar pengar, og i butikken kan du utfordra dei til å tenke gjennom prisar og kva nødvendigheter de må prioritere.

– Ein annan ting de òg kan snakke om er kvalitet kontra pris. Nokon gonger ynskjer du å kjøpe det dyrare alternativet, fordi du opplever at kvaliteten er betre, men det kan bety at ein då må kutte ned på noko anna. På den måten lærer du òg barna å ta bevisste økonomiske val, seier Gundersen.

For å lykkast med å lære barn økonomi, må de snakke saman om korleis de bør disponera pengane.

– Butikken gir de eit høve til å snakke om pris og prioriteringar. Brukar du pengane fornuftig i det daglege har du meir igjen til sparing, ferie, oppussing eller anna gøy, avsluttar Gundersen.

5 tips frå Magne om korleis lære barn om personleg økonomi:

  1. Snakk om kva ting kostar. La barna får vite kva ting kostar, som mat, klede, straum, lån, ferie og så vidare. Ta med barna i butikken og forklar dei kilopris, literpris og stykkpris og vis dei kva som blir billegast. Gå gjennom budsjettet til familien og forklar kvar pengane kjem frå og kva de vel å bruke pengar og ikkje bruke pengar på.
  2. Snakk om trygg kortbruk. Når barnet får dei første bankkorta sitt, er det eit fint høve til å snakke om kortbruk og pengar. La barna bli trygge på korleis dei brukar og tar vare på bankkortet. 
  3. Gi faste lommepengar. Og ikkje fyll på med meir pengar viss barnet brukar opp alle pengane før neste utbetaling. Då lærer dei å disponere pengar fornuftig og at det får konsekvensar om dei brukar opp alt med ein gong.
  4. Knyt pengane opp mot oppgåver. Barna bør lære at pengar og innsats høyrer saman. Ein fin måte å gjere det på er å gi barnet nokon faste, konkrete oppgåver som dei får lommepengar for. Gjer dei ikkje oppgåvene sine, får dei mindre lommepengar. Men dei kan òg få meir, viss dei gjer ein ekstra innsasts. Då lærer dei at det ikkje berre er å be om meir pengar heile tida.
  5. Lær barnet å spare. Å spare er kanskje den viktigaste økonomivanen du kan gi barna. La barnet spare til noko konkret, som ein fin genser, ski, eller lommepengar til ein ferietur. Barnet kan spare heile summen sjølv eller ein egenandel der foreldra betaler resten. Gå føre med eit godt døme og forklar barnet kva familien sparer til.

Sjå fleire tips og råd

Når bør barnet få bankkort?
Ingen barn er like. Derfor finst det heller ikkje noko fasitsvar.
Snakk med barna om pengar
3 tips til korleis lære barn om økonomi.
Kor kjem pengane frå?
Mange barn trur at bankkort er ei utømmeleg kjelde til pengar.
God læring i lommepengar
Barn lærer gjennom praktisk øving. Kva med å innføre lommepengar?
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }