Når du er på reise
«Nokre gonger er kredittkortet det beste valet.»
Forbrukarøkonom Magne Gundersen, SpareBank 1.
Bruk kredittkort når du er på reise
Du har sikkert høyrt at det er lurt å betale ferieturen med kredittkort, fordi du får reiseforsikring med på kjøpet. Men visste du at det også er smart å bruke det som betalingskort når du er på reisa? Kredittkortet er sikrare å bruke, gir deg betre rettar og er òg den rimelegaste måten å betale på.
Alltid to kort på reise
Skulle du miste eit kort eller bli fråstolen lommeboka, er det kjekt å ha eit anna kort i bakhand. Det kan fort bli styr å få tak i pengar til resten av ferien om du plutseleg står der, kortlaus og forfjamsa. Har du med både bankkort og kredittkort på ferie, er du på den sikre sida. Men kva skal du bruke, og kva bør du ha i reserve?
La bankkortet vere reservekortet
Dette hadde du kanskje ikkje gjetta. Dei fleste pleier å legge kredittkortet i safen, og betale for måltid, opplevingar og shopping med det vanlege bankkortet – slik dei er vant med å gjere heime. Men det mest lønnsamme er å gjere det omvendt.
Med kredittkortet som brukskort på ferien vil du:
- Ikkje risikere å få kontoen tappa.
- Unngå at det er pengane dine som forsvinn viss kortet hamnar i feil hender.
- Eigenandelsforsikring på leigebil inkludert Skjer det noko med bilen, som steinsprut eller punktering, kan det fort koste skjorta. Forsikringa dekker inntil 12.000 kroner.
- Unngå gebyr på varekjøp.
- Unngå gebyr på kontantuttak så lenge du vel lokal valuta.
- Med mindre du har ein unormalt lang ferie, slepp du unna rentekostnader så lenge du betaler tilbake pengane etter heimkomst.
- Fleire rettar og betre klagemoglegheiter viss du blir utsett for svindel på reisa
Vel lokal valuta når du tar ut pengar i utlandet. Då får du både betre vekslingskurs og slepp gebyr.
Priseksempel ved utsett betaling:
Når du bestiller reisa
"Nokre gonger er kredittkortet det beste valet."
Forbrukarøkonom Magne Gundersen, SpareBank 1.
Bruk kredittkort når du bestiller reisa
Er du i ferieplanleggingsmodus? Då er det eitt tips du bør notere deg før du trykker «Bestill».
Betaler du ferien med kredittkort får du nyttige forsikringar med på kjøpet. Men visste du at det òg er lurt å betale leigebilen med kredittkortet?
Reise- og avbestillingsforsikring
Når minst halvparten av reisa er betalt med kredittkort, er reise- og avbestillingsforsikring for deg og familien – eller inntil tre medreisende – inkludert. Skulle nokon bli sjuke, og reisa ikkje kan gjennomførast som planlagt, får du tilbake pengane for billettane, eller dekt ekstra kostnader ved ny heimreise.
Hjelp om bagasjen blir borte
Bagasje som blir borte eller forseinka er alltid kjedeleg. Reiseforsikringa i kredittkortet dekker utgifter til å handle det mest nødvendige. Alle som har opplevd dette, veit kva livreddar nettopp det kan vere!
Kjekt for deg som skal leige bil
Hugs å bruke kredittkortet når du betaler for leigebilen. Då får du nemleg eigenandelsforsikring inkludert, og slepp unna eigenandel på inntil 12.000 kroner viss uhellet er ute. Du slepp òg å binde opp store summar i depositum på brukskontoen din, depositum som mange leigebilfirma og hotell krev.
God tur!
Priseksempel ved utsett betaling:
Når du handlar på nett
"Nokre gonger er kredittkortet det beste valet."
Forbrukarøkonom Magne Gundersen, SpareBank 1.
Bruk kredittkort når du handlar på nett
Mange har innsett at det er lurt å bruke kredittkort framfor bankkort når dei handlar på nett. Men ikkje alle tenker over at netthandel er langt meir enn reiser og det som kan pakkast og blir sendt i posten.
Apper, strømme- og abonnementstenester er òg netthandel. Når vi betaler, gir vi frå oss kortinformasjon fleire ulike stader. Betaler du med kredittkort, slepp du at det blir knytt direkte til brukskontoen din. Bruk gjerne kredittkort ved:
- Kjøp av appar, som spel- og treningsappar
- Kjøp gjennom appar, som transport med Über
- Strømmetenester, som Spotify og Netflix
- Delingsøkonomi, som Airbnb og Nabobil
- Abonnementstenester, som treningsmedlemskap og matkassar
- Mobilbetaling, som Vipps
Derfor bør du halde bankkontoen utanfor
Om ei teneste blir hacka eller noko anna skulle skje, og bankkortinfoen din hamnar i feil hender, risikerer du i verste fall å få kontoen din tappa. Med eit kredittkort derimot er det ikkje pengane dine som forsvinn. Du betaler i etterkant, så dine eigne kontoar står urørt. Både ved svindel og om du vil klage på eit kjøp, har du fleire rettar og enklare løysingsveg ved kredittkjøp.
Unngå avbrot i strømminga
Kor surt er det ikkje å benka seg foran skjermen for sesongpremiere av favorittserien, berre for å oppdage at abonnementet ikkje er gyldig på grunn av manglande dekning på konto? Med kredittkort som betalingsmetode slepp du kjedelege avbrot i strømmetenestene du bruker.
Priseksempel ved utsett betaling:
Full oversikt over kredittkortet ditt
Med mobilbanken har du både full oversikt og kontroll over ditt Mastercard – kvar enn du er i verda.
Her kan du mellom anna:
- Sjå transaksjonar
- Overføre til konto
- Endre kredittgrensa
- Sette regionsperre