Bruker du kortet når du handlar i utlandet? Bruk valutabereknaren vår og sjå kor mykje vara kostar i norske kroner. Du ser òg kor mykje valutapåslaget vårt utgjer.
Valutaomreknar for kredittkort
Betal alltid i lokal valuta
Når du vel å betale i lokal valuta, enten det er euro, dollar eller svenske kroner, vekslar Mastercard for deg. Mastercard jobbar heile tida for å ha den beste vekslingskursen på marknaden. Og sjølv om banken legg på eit valutapåslag på 2 %, lønner det seg likevel å betale i lokal valuta.
Vel du å betale i norske kroner, er det butikken du handlar i som bestemmer vekslingskursen. Dei kan ofte setje eit høgt påslag, slik at dei tener nokre ekstra kroner på kjøpet.
Vi anbefaler at du vel å betale i lokal valuta, ikkje i norske kroner. Då slepp du òg gebyr ved kontantuttak.
