Vis alle kredittkorta dine og forbrukslån i mobilbanken
Visste du at du enkelt kan sjå all forbruksgjelda di i nettbanken vår, også gjeld du har andre stadar?
Visste du at du enkelt kan sjå all forbruksgjelda di i nettbanken vår, også gjeld du har andre stadar?
Full oversikt med få klikk
Har du kredittkort liggande som du ikkje brukar så ofte? Kanskje også nokre handlekontoar? Viss du føler du har mista litt oversikten over kor mykje du har i kreditt og gjeld – og hos kven – er dette ein kjempeenkel måte å ta kontrollen tilbake på.
Med eit bevisst forhold til kor mykje du har i kreditt, kor mykje du har brukt – og ikkje minst kva du har brukt den på – vil du få betre kontroll på eigen økonomi.
Nedst i mobilbanken finn du overskrifta Hent informasjon. Her vel du Kredittkort og forbrukslån.
I mobil- og nettbanken kan du få opp følgande om alle dine usikra lån, både kredittkort og nedbetalingslån:
Informasjonen får vi frå Norsk Gjeldsinformasjon og er henta frå det nasjonale gjeldsregisteret.
Vi treng samtykke frå deg til å kunne innhente informasjonen frå dei. Samtykket lagrar vi i seks månadar. Etter dette må du gi samtykke på nytt for å fortsatt få opp alle låna i nett- og mobilbanken. Dette samtykket kan du når som helst trekke tilbake.
Vi hentar opplysningane kvar gong du loggar inn i mobil- eller nettbanken, og slettar dei når du loggar ut igjen, så vi lagrar dei faktisk ikkje i det heile tatt! Opplysningane vil ikkje eingong vere tilgjengeleg for tilsette i banken.
Har du fleire forbrukslån, eller kredittkortgjeld du betalar renter på over lengre tid, bør du vurdere å refinansiere forbruksgjelda di. Då samlar du alt i eitt lån, noko som betyr færre gebyr og lågare kostnadar.
NB! Hugs at også unytta kredittrammer som handlekontoar og kredittkort som berre ligg i skuffa er med på å avgrense kor mykje du kan ta opp i lån.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium