Når du betalar med kredittkortet, lånar du pengar av banken, men du må ikkje betale renter på dette lånet med ein gong. Kvar månad får du ei rekning frå oss på alt du har lånt og ikkje har betalt tilbake enno – altså det folk som jobbar i bank kan finne på å kalle uteståande balanse eller nytta kreditt. Kredittkortrekninga inkluderer med andre ord all kortbruken fram til datoen vi sender fakturaen.
Betalar du heile kredittkortrekninga før den forfell, slepp du å betale renter. Gjelda du eventuelt ikkje betalar ned til forfall, og som det derfor byrjar å løpe renter på, kallar vi renteberande balanse.
Vidare bruk av kredittkortet blir å betrakte som nye lån, som du ikkje må betale renter på før etter forfallsdato på neste rekning. Denne uteståande balansen kallast ikkje-renteberande balanse. Samtidig samlar det seg opp renter på det du måtte ha att av kredittkortgjeld frå tidlegare. Det er derfor vi skil mellom renteberande og ikkje-renteberande balanse. Begge delar går av kredittramma på kortet, men det er altså berre den renteberande balansen du betalar renter på.
Sjå også