Når du brukar eit kredittkort, lånar du pengar av banken. Kredittgrensa di, eller kortet si kredittramme, er det maksimale beløpet du totalt kan låne før du må betale tilbake. Når kredittramma er «brukt opp», kan du ikkje bruke kredittkortet igjen før du har betalt inn på kredittkortet.
Kvar gong du betalar med kredittkortet, brukar du altså av kredittramma. Når du betalar ned heile eller delar av gjelda, anten via kredittkortfakturaen eller ved at du betalar inn ekstra i nett- eller mobilbanken, blir summen du betalar inn igjen tilgjengeleg for bruk.
Har for eksempel kortet ditt ei kredittramme på 20.000 kroner, og du brukar 10.000 kroner, har du 10.000 kroner igjen av kredittramma. Betalar du så inn 5.000 kroner, aukar den tilgjengelege kreditten din til 15.000 kroner.
Kor høg kredittgrense du kan få, avheng av ting som inntekt, betalingshistorikk og kor mykje gjeld du har frå før.
Sjå også