Korleis endrar eg kredittgrensa på kredittkortet?

I nett- og mobilbanken kan du sjølv justere kredittgrensa etter behov. Gå inn på kredittkortet, trykk på Val og deretter Endre kredittgrense. Du kan alltid redusere kredittgrensa di. Viss du har behov for å auke den, må du fylle ut ein kjapp søknad, og så sjekkar vi om vi kan tilby deg auka kreditt. Kreditten blir tilgjengeleg så fort søknaden er godkjendt.

Kvifor skulle eg ønske å redusere kredittgrensa mi?

Utlånsforskrifta avgrensar for kor mykje lån du kan ta opp, blant anna basert på kor mykje gjeld du har frå før. Her reknast heile kredittramma på kortet ditt som gjeld, anten du har brukt av den eller ikkje. Derfor kan det vere lurt å passe på at du ikkje har høgare kredittgrense enn du treng, særleg viss du til dømes planlegg å kjøpe bustad. Hugs då spesielt på kredittkort du har liggande, men aldri brukar.

PS: Har du kredittkort fleire stader og ikkje oversikt over kva kredittgrense du har på dei ulike korta? Sjekk artikkelen Sjå alle kredittkorta dine og forbrukslån i mobilbanken, så har du full oversikt på under fem minutt.