Tips og råd
LOfavør Mastercard Ung
Under 34 år og medlem av eit LO-forbund? Då er dette kredittkortet for deg.
Under 34 år og medlem av eit LO-forbund? Då er dette kredittkortet for deg.
Prisdøme: Effektiv rente 20,5 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.316, og du betaler totalt 16.316 kroner.
Priseksempel ved utsett betaling: Effektiv rente 20,5 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.316, og du betaler totalt 16.316 kroner. Produktet blir levert av Kredittbanken ASA
*Når du nyttar kortet i utlandet eller til uttak av utanlandsk valuta, blir beløpet omrekna til norske kroner. Kursen du får er Mastercard sin kurs på oppgjersdag pluss eit valutapåslag på 2 %.
Kortet er produsert av resirkulert plast.
For å få dette kredittkortet må du vere medlem i et LO-forbund, vere mellom 18 og 34 år og ha norsk fødselsnummer. Du kan ikkje ha betalingsmerknadar.
Minst halvparten av transportkostnaden til reisa må vere betalt med kredittkortet. Forsikringa gjeld reiser med varigheit innanfor 90 dagar. Inntil fire personar – familie eller andre medreisende – er forsikra.
Du er dekt av eigenandelsforsikringa på leigebil når du har betalt heile leigeforholdet med kredittkortet.
Du kan også ringe Tryg på +47 55 17 19 46.
Ved akutt sjukdom eller ulykkesskade kontakt Tryg Alarm på +47 24 24 07 41 eller trygalarm@tryg.no. Tryg Alarm har eigne legar og kontakt med sjukehus og legekontor over heile verda.
Billettforsikringa dekker billettkostnaden viss medlemmen blir forhindra frå å reise. Dette gjeld billettar til konsertar, sportsarrangement eller opplevingsparkar.
Billettforsikringa dekker inntil 5 billettar og gjeld i heile verda.
Du kan også ringe Tryg på +47 55 17 19 46.
Kredittbanken ASA (kortutstedar) er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane som blir behandla med grunnlag i avtaleforholdet med korthaldar.
Ei nærare skildring av kortutstedar og behandlinga til banken av personopplysningar finn du underpersonvern.
Du kan kontakte personvernombudet i Kredittbanken på personvern@kredittbanken.no om du har spørsmål rundt personvern og bruk av personopplysningane dine.
Betaler du for strøymetenester som t.d. Spotify og Netflix med ditt LOfavør Mastercard Ung får du 20 % rabatt på tenestene du abonnerer på, inntil 500 kroner per år. Rabatten blir trekt frå automatisk.
Bruker du LOfavør Mastercard Ung når du bestiller billettar til arrangement og konsertar, så er du sikra om noko uventa skulle skje. Billettforsikringa dekker prisen for opptil fem underhaldningsbillettar (inntil 5.000 kroner per billett og 10.000 kroner i året) i heile verda. Det er ingen eigenandel på billettforsikringa.
Nokre gonger skjer det ting ein ikkje er førebudd på. Kanskje PC-en din ryk? Med LOfavør Mastercard Ung har du alltid ein reserve i bakhand viss det oppstår uventa utgifter.
Berre hugs at dette er pengar du låner som du må betale tilbake!
Prisdøme ved utsett betaling: Effektiv rente 20,5 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.316, og du betaler totalt 16.316 kroner.
Eit vanleg bankkort kan du bruke så lenge det er pengar på konto. Kredittkortet er ikkje kopla til noko konto, men gir deg tilgang til ein ekstra sum du kan låne. Når du bruker kortet, låner du pengar, og det kan du gjere inntil grensa er nådd. Når du har betalt ned alt eller deler av summen, kan du igjen låne opptil grensa.
Kva kredittgrensa skal vere, altså kva for ein lånesum du har tilgang på, avheng av livssituasjonen din, betalingsvilje og betalingsevne og ikkje minst – kva du sjølv er komfortabel med.
Når du bruker kredittkort, er du betre verna mot svindel og har sterkare rettar om du må klage på eit kjøp. Du gjer derfor lurt i å bruke kortet til netthandel og betaling av apper og strøymeabonnement. Det er også lurt å bruke kortet når du bestiller reise, då får du i tillegg gratis reiseforsikring.
Det er ikkje så lurt å bruke kredittkortet om du treng å låne pengar over lang tid – 6 månader eller lengre – eller om du treng større beløp. Då bør du heller kontakte banken og spørje om anna finansiering.
I mobilbanken har du full oversikt over transaksjonane og fakturaene dine. Då er det lett å sjå kva du skuldar og du kan også enkelt betale inn på kredittkortet når du vil.
Noko av det du kan gjere:
Ein gong i månaden får du ein faktura på det du har brukt på kredittkortet. Betaler du ned alt du har lånt innan forfallsdato, kostar det deg ikkje noko. Du kan altså låne rentefritt i inntil 45 dagar. Vel du å utsetje betalinga og berre betale det månadlege minstebeløpet, blir det lagt til renter på lånet til summen er betalt ned.
Om du ikkje betaler rekningane dine, kan du i verste fall få ein betalingsmerknad. Slike merknadar kan få konsekvensar seinare, det kan mellom anna skape problem for deg når du skal ta opp bustadlån. Derfor er det lurt at du tidleg skapar deg gode vanar, som til dømes å ikkje bruke meir enn du kan betale tilbake. Spør deg sjølv om du verkeleg treng dette no – eller i det heile tatt.
Fordelsprogrammet LOfavør gir deg ekstra gode vilkår på mellom anna lån, forsikring og eigedomsmekling. Er du mellom 18 og 34 år, får du ekstra fordelar tilpassa deg.
Kredittkortet ditt har same kode som dei vanlege bankkorta dine hos oss. Har du LOfavør Mastercard, er PIN-koden den du valde då du bestilte kortet.
Viss du ikkje hugsar koden, finn du han under menypunktet Kort i mobilbanken din eller nettbank. Vel det aktuelle kortet, klikk på Val og deretter Vis PIN-kode.
Du kan betale inn på kredittkortet når som helst, ikkje berre når du får faktura.
Mobilbanken. Vel kredittkortet ditt i oversiktsbildet. Trykk på knappen Val og deretter Innbetaling til kredittkort.
I nettbanken: Gå til kredittkortet ditt under menypunktet Kort. Klikk på Innbetaling til kredittkort.
Har du betalt minst 50 % av transportkostnadene for reisa med ditt SpareBank 1 Mastercard, har du reise- og avbestillingforsikring inkludert på reisa. Forsikringa kan dekke mellom anna
Betalar du abonnementet med Mastercard Ung, får du 20 % rabatt (samla inntil 500 kroner per år) på desse streamingtenestene:
For å få rabatt på strøymetenester, må du betale abonnementa dine med Mastercard Ung-kortet ditt. Du får automatisk 20 % rabatt kvar gong du blir belasta, inntil 500 kroner per år. Rabatten gjeld både for film, musikk, seriar og podkastar.
Eit vanleg bankkort kan du bruke så lenge det er pengar på konto. Kredittkortet er ikkje kopla til noko konto, men gir deg tilgang til ein ekstra sum du kan låne. Når du trekker kortet, låner du pengar, og det kan du gjere inntil grensa er nådd. Når du har betalt ned alt eller deler av summen, kan du igjen låne opptil grensa.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium