Betal rekninga med kredittkort

Manglar du dekning på kontoen til å betale ein faktura som hastar? Då kan det vere lurt å ha eit kredittkort i bakhand.

Hand held kredittkort, laptop i fanget

Ei god nødløysing når det er litt trongt økonomisk

Det kan skje den beste: Uventa utgifter på rekke og rad har tømt bufferkontoen, og framleis er det rekningar som må betalast.

Har du kredittkort frå SpareBank 1, treng du heldigvis ikkje la rekningane gå over forfall og utløyse purregebyr. Rekningsbetaling med kredittkort er ein enkel og ryddig teneste for deg som treng å betale rekningar utan dekning på konto, men som ikkje ønsker å ta opp forbrukslån for å få det til.

Prisar og vilkår

  • 25 kroner + 1 % av beløpet på rekninga

Priseksempel ved utsett betaling: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner. Produktet er levert av SpareBank 1 Kreditt ASA.


Slik fungerer rekningsbetaling med kredittkort

  • Gå til betaling i nettbanken og vel kredittkortet som kontoen du skal betale frå. Verre er det ikkje!
  • Du kan betale alle typar rekningar med kredittkortet, både fakturaer med og utan KID-nummer.
  • Rekningsbetalinga vil visast som ein eigen transaksjon på fakturaen du får på kredittkortet. Kredittkortfakturaen betaler du som vanleg.
  • Du må ha ledig kreditt på kortet for å nytte tenesta.
  • Tenesta Pengar tilbake gjeld ikkje ved rekningsbetaling.
  • Du har ikkje dei same rettane ved å nytte rekningsbetaling med kredittkort. Konkurs og ikkje motatt vare blir berre dekt ved kjøp direkte med kredittkortet. 
  • Du kan ikkje betale til Skatteetaten med kredittkort.

5 døme på når det kan vere lurt å betale rekninga med kredittkortet

Det er ikkje alle som jobbar 8–16 og har fast inntekt kvar månad. Frilansarar, dei som jobbar i sesongbaserte yrke og dei som ikkje har fulltidsstillinger kan oppleve at inntekta varierer veldig gjennom året.

Sett av pengar på bufferkontoen i dei periodane inntekta tillet det, så er du best mogleg rusta for dei månadene du har lågare lønn. I dei tilfella bufferen er tom, gir rekningsbetaling med kredittkortet deg moglegheit til utsett betaling.

Har du fått ein skikkeleg skattesmell? Kanskje samtidig som vaskemaskina takka for seg og bilen brått trong ein kostbar reparasjon? Dei fleste av oss har opplevd situasjonar som dette, og slike ekstrautgifter kan bli ei hard belastning oppå vanlege faste utgifter.

Enkelte livssituasjonar byr på utfordringar som tvingar oss til å vere utanfor arbeidslivet ei stund. Kanskje må du ta ulønna foreldrepermisjon for at kvardagen skal gå opp? Eller du får eit opphald frå arbeidslivet mellom to jobbar?

Å betale rekninga med kredittkortet kan bidra til at inntektsfallet blir enklare å handtere, i og med at du kan utsetje betalinga rentefritt i inntil 45 dagar.

Faste utgifter bør trekkast automatisk frå ein rekningskonto, slik at du ikkje står i fare for å gløyme betalingar. Alt vil vere i den skjønnaste orden – så lenge du sørger for nok pengar på rekningskontoen.

Det du må vere bevisst på, er å justere kontoen når summen på rekningane er høgare enn vanleg. Kanskje har husleiga auka, eller mobilbruken gått litt over styr? Viss du ikkje har berekna at dei faste utgiftene er høgare, kan rekningsbetaling med kredittkort vere ein god redningsplanke.

Det er lett å bli sveitt når innboksen er smekkfull av alskens fakturaer. For dei fleste av oss er dette eit typisk scenario på våren, årstida mange kallar høgsesong for rekningar. Også tida før jul kan vere brutal, med julegåver og viktige innkjøp på rekke og rad.

Mange er redde for å miste kontrollen når dei vel betalingsutsetjing, og då kan rekningsbetaling med kredittkortet vere ei god løysing. Då får du betalt alle rekningane til rett tid og beløpa blir viste på kredittkortfaktura som du får seinare. 

Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }