Avtalegiro og eFaktura

Med Avtalegiro og eFaktura slepp du å få papirfakturaer i postkassa.

Photo of a young woman sitting on the floor and working on laptop
Rekningane blir betalt i tide.
Du slepp å skrive inn lange KID-nummer og annan informasjon.
Du har full oversikt over betalingane i mobilbank og nettbank.

Avtalegiro

  • Rekninga kjem opp i forfallsregisteret minst sju dagar før ho blir trekt frå konto.
  • Du kan endre kva konto beløpet skal trekkast frå, forfallsdato og beløp.
  • Rekninga blir betalt automatisk på forfallsdato.
  • Du får ein kort tekst på kontoutskrifta om kva rekninga gjeld, men du får ingen fakturadetaljar.

eFaktura

  • For å få eFaktura frå bedrifter som tilbyr det må du skru på "Tillat eFaktura" under Innstillingar Betaling eFaktura i mobilbanken eller nettbanken. 
  • Du får varsel i mobilbank, nettbank og på e-post når det kjem ny eFaktura. Ønsker du varsel på sms kan du bestille dette i nettbanken.
  • Du godkjenner rekninga med BankID før ho blir betalt. Huk av for "Godkjenn denne mottakaren for seinare betaling", så slepp du å bruke BankID neste gong.
  • Du kan endre kva konto eFakturaen skal betalast frå, forfallsdato og beløp.
  • I mobilbank og nettbank kan du sjå fullstendig faktura med alle detaljar.

No har det blitt superenkelt å flytte Avtalegiro!

Har du Avtalegiro i ein annan bank, og ønsker å samle alt hos oss? Tidlegare kunne det vere tungvint og tidkrevjande å flytte Avtalegiro, men no gjer du det enkelt på 1-2-3! 

Alt du treng å gjere er å samtykke til at vi kan hente og flytte avtalane for deg. Resten ordnar vi – heilt gratis sjølvsagt.

Enkelt å flytte Avtalegiro til SpareBank 1. Skjermbilde.

Kva lurer andre på?



Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no