KUNDEFORDEL
AV1 skulerobot
Mange langtidssjuke barn føler seg isolert og synest det er leit å miste kontakten med venar og skule. Med vår barneforsikring får barnet vere med vennene sine frå sjukesenga via AV1-roboten.
KUNDEFORDEL
Mange langtidssjuke barn føler seg isolert og synest det er leit å miste kontakten med venar og skule. Med vår barneforsikring får barnet vere med vennene sine frå sjukesenga via AV1-roboten.
AV1 er ein liten personlig robot som blir med i klasserommet og i sosiale samanhengar, slik at barnet ditt ikkje går glipp av noko.
Den fungerer som ein avatar og er barnet sine auge, øyre og stemme via ein app på nettbrett eller mobil. På denne måten kan barnet ditt følge med på undervisninga og kommunisere med klassen og vennene sine uansett kvar dei befinn seg.
Test korleis roboten fungerer og les meir om AV1-roboten på noisolation.com
Du må først ta kontakt med skulen for å høyre kva tilrettelegging dei kan tilby. Nokre skular har alt tilgang til skulerobot og barnet vil då kunne kome raskare i gang ved å nytte desse.
Tilbodet gjeld for barn i risikogrupper der skulen ikkje kan tilby god tilrettelegging ved tilbakeføring til skulen. Smitterettleiaren og lista over diagnosegrupper frå Norsk barnelegeforeining definerer kva diagnosar dette gjeld. Det er ikkje krav om 30 dagars fråvær for denne gruppa.
AV1 er utvikla for at barn kan ta del i skulen på sine eigne premissar. Brukarar av roboten kan sjølv velje når dei vil vere på- og avkobla ved å trykke på ein knapp i appen.
Viss barnet ikkje føler seg frisk nok til å delta, men fortsatt ønsker å følge undervisninga, kan hen sette roboten i passiv modus. Då lyser roboten sitt hovud blått. Viss barnet ønsker å rekke opp handa for å svare på eit spørsmål kan hen trykke på ein knapp, og roboten sitt hovud vil lyse kvitt. AV1 kan også settast i kviskremodus, då kan barnet fortelje hemmelegheiter med sidekameratene sine.
AV1 er utvikla av firmaet No Isolation i samarbeid med Kreftforeininga, St. Olavs Hospital, Sunnaas Sykehus, Universitetet i Oslo og Snø Designstudio.
Kven kan få AV1?
Barn og ungdom i alderen 6-20 år (med barneforsikring) som på grunn av sjukdom og/eller funksjonsnedsettingar har lengre fråvær frå skule og fritidsaktivitetar. Målet er at hjelpemiddelet skal bidra til eit så normalt liv som mogleg for barnet ditt, ved å førebygge isolasjon og gjere det enklare å kome tilbake til skulekvardagen og møte vennar.
Låneperiode
Viss barnet/ungdommen har vore borte meir enn 30 dagar frå skulen får de ha roboten gratis i inntil 12 månader.
Éin videostrøm - éin brukar - éin eining
Både vi i SpareBank 1 og No Isolation tar personvern veldig seriøst. Derfor er det berre éin brukar per robot. AV1-roboten er passordbeskytta, for tryggleiken til både barnet og for elevane, lærarane og venene som er involvert i bruken.
Berre sanntid
AV1-roboten kan kun brukast i sanntid. Det vil sei at video berre kan strøymast direkte. Det er verken mogleg å ta opp videoen, lagre den eller ta skjermbilete.
Krypterte data
Videoen og data som sendast mellom roboten og barnet eller ungdommen er kryptert, slik at ingen andre kan sjå det som vert strøyma.
Har du eit langtidssjukt barn?
Har du vår barneforsikring kan du søke om å få AV1-roboten. Har du krav på AV1-roboten vil vi videresende førespurnaden til No Isolation. No Isolation tek kontakt med deg for levering av roboten. Det er ingen eigenandel.
Sjå ei full oversikt over kva barneforsikringa vår dekker.