Det er ei viss risiko knytt til å spare i fond, som betyr at du kan tape pengar. Når du sparar i fond er det viktig å hugse at god tid er nøkkelen til trygg sparing. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkastning enn ved andre spareformer.
Risiko
Risikoen i eit fond seier noko om kor mykje du kan forvente at fondet svingar i verdi. Fond med høgare risiko vil svinge meir over tid, men kan også gje høgare forventa avkastning.
Det betyr at dersom du ønsker at sparepengane dine skal vekse mykje i verdi, må du tole periodar med store verdisvingningar, sjølv om dette kan gje negativ verdi i periodar. Uansett er det viktig å hugse at om du skal spare i mange år, betyr det ikkje så mykje med eit mellombels fall i marknaden.
Kor lenge du skal spare, påverkar kor stor risiko du bør ta for sparepengane dine. Skal du spare lenge kan du tole å ta høgare risiko, fordi du gir sparinga di betre tid til å ta igjen periodar med verdifall. Har du derimot ein kort sparehorisont, bør du velje fond med lågare risiko.
Aksjeandelen bestemmer
Aksjar kan gje høg avkastning, men inneber altså ei viss risiko. Størrelsen på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkastning. Å eige aksjar i fond gir lågare risiko enn å eige aksjar i berre eitt selskap. Fordi eit fond kjøper bitar av mange forskjellege selskap blir risikoen meir spreidd. Viss eit selskap gjer det dårleg treng du ikkje merke noko til det, fordi det kan gå bra med alle dei andre.