Fond
Fond er ei samling av aksjar eller andre verdipapir. Sparar du i fond vil pengane bli forvalta for deg av profesjonelle forvaltarar.
Ved å spare i eit fond spreier du pengane dine på mange ulike selskap. Korleis du sparer avheng av kor lenge det er til du treng pengane, kor høg avkasting du forventar å få, og i kor stor grad du toler at sparepengane svingar i verdi i løpet av spareperioden. Du kan forvente å sjå pengane vekse raskast i aksjefond og mindre i rentefond – kombinasjonsfond ligg i mellom. Les meir om aksjefond, rentefond og kombinasjonsfond.
Aksje
Ein aksje er ein eigardel i eit aksjeselskap. Kjøper du ein aksje i eit selskap, kjøper du ein del av dette selskapet. Gjer selskapet det bra, vil verdien av aksjen din stige fordi selskapet blir meir verdt. Verdien kan også synke om selskapet går dårleg.
Med aksjar kan du sjølv bestemme kva selskap du vil eige. Risikoen er ofte større enn ved å spare i fond. Dersom du ønsker å ha meir kontroll på risikoprofilen din og investeringsval, har du moglegheita til å gjere dette i aksjehandeltenesta.