Kombinasjonsfond

Eit kombinasjonsfond er ein kombinasjon av aksjefond og rentefond. Du kan velje den fordelinga på aksjar og renter som passar deg best. 

Illustrasjonsfoto: Par kjøper kombinasjonsfond på mac

Enkelt

Passar for deg som ønsker at vi set saman sparinga di.

Tilpass risiko

Du kan tilpasse risikoen, men må tole nokre svingingar undervegs.

Balanse

Kombinasjonsfond balanserer tryggleik og avkasting.

Kva er kombinasjonsfond?

Eit kombinasjonsfond består av både aksjefond og rentefond. Det betyr at du enklare kan tilpasse kor stor risiko du ønsker å ta, og kor høg avkastning du kan håpe på. Jo høgare aksjeandel fondet har, jo høgare er både risikoen og forventa avkastning på sparepengane.

Kombinasjonsfond passar for deg som ikkje ønsker like store verdisvingingar som du kan få i eit aksjefond. 

Alt-i-eitt – våre eigne kombinasjonsfond

Lyst til å spare i kombinasjonsfond, men veit ikkje heilt kor du skal starte? Prøv Alt-i-eitt, ei smart og komplett fondsløysing, der vi passar på sparinga di. 

Avkastning og risiko med kombinasjonsfond

Synest du at svingingar høyrast skummelt ut, men ønsker likevel å få høgare avkastning enn på sparekonto? Då kan kombinasjonsfond vere eit godt alternativ.

I kombinasjonsfondet vil avkastning og risiko avhenge av fordelinga av rentepapir og aksjar i porteføljen til fondet. Jo større aksjeandel, jo høgare forventa avkastning - og risiko.

Forvaltaren passar på for deg

Forvaltaren av kombinasjonsfondet passar på at balansen mellom aksjar og renter er den same i heile spareperioden. Dette kallast for rebalansering, og er ikkje noko du sjølv treng å tenke på undervegs. Du vel kor stor risiko du vil ta, og våre forvaltarar gjer jobben for deg. 

Kjøper du eit kombinasjonsfond med 80 % aksjar og  20 % renter, sørger forvaltar for at fondet har denne fordelinga i heile perioden. 

Aksjesparekonto

Kombinasjonsfond som har meir enn 80 prosent aksjeandel kan du kjøpe i ein aksjesparekonto.

Kva lurer andre på?

Lær meir om fondssparing

Her finn du det du treng å vite om fondssparing. Kom i gang du også, så når du måla og draumane dine fortare. 

Fond forklart

Kort om avkasting
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.

For deg som handlar fond og verdipapir
Sjå avtalar og retningslinjer