Kva fondstypar kan eg velje mellom?

Du kan velje mellom aksjefond, indeksfond, rentefond eller kombinasjonsfond. 

Aksjefond: Eit aksjefondbestår av eigardelar i fleire børsnoterte selskap. Dette betyr at du ved å investere i eit aksjefond indirekte eig aksjar i dei ulike selskapa som fondet har investert i. Bedrifta tener pengar viss den samla verdien av selskapa i fondet stig. Aksjefond passar for deg som ønsker høg avkasting, skal spare i 10 år eller meir, og toler at sparepengane dine svingar ein del.

Aksjefond kan vereindeksfondelleraktivt forvalta fond. Her kan du lese meir om forskjellen på aktivt forvalta fond og fond som følger ein index. 

Rentefond: Ved å spare i rentefond lånar du i praksis bort pengane dine til fleire selskap. Du tener pengar på renta som selskapa betalar på lånet. I eit rentefond tener ein ikkje like mykje som i eit aksjefond, men det er ein meir føreseieleg spareform fordi risikoen er låg.

Eit kombinasjonsfond består av både aksjefond og rentefond. Fondet passar for deg som ønsker å tilpasse kor stor risiko du ønsker å ta. Jo høgare aksjeandel kombinasjonsfondet har, jo høgare er forventa verdistigning på sparepengane. Kombinasjonsfond som har meir enn 80 prosent aksjeandel kan du kjøpe innanfor aksjesparekonto, viss ikkje kjøpast det i den ordinære fondsløysinga.

Sjå også
Kva er fond?
Kva er indeksfond?
Oversikt over alle fond vi tilbyr
Kva er forskjellen på fond og aksjar?