Indeksfond

Indeksfond passar for deg som er opptatt av låge kostnadar, enten du er nybegynnar eller ein erfaren fondssparar. 

Indeksfond passar for deg som er opptatt av låge kostnadar, enten du er nybegynnar eller ein erfaren fondssparar.
Følger marknaden
Målet er å attskape avkastninga i marknaden fondet følger.
Låge kostnadar
Du får meir igjen for sparepengane dine.
Spreier risikoen
Du spreier sparinga di i fleire selskap.

Kva er indeksfond?

Indeksfond er ei form for aksjefond som følger ein referanseindeks, som Hovudindeksen på Oslo Børs eller verdsindeksen. Målet er å attskape avkastninga i den delen av aksjemarknaden som fondet følger.  

Indeksfond har typisk låge kostnadar då det ikkje er nokon forvaltarar som aktivt tar stilling til kva aksjar som skal kjøpast og seljast. 

Les meir om forskjellen på aktivt forvalta fond og indeksfond

Globalt indeksfond

Vel du å spare i eit globalt indeksfond, spreier du sparinga di på tvers av land, regionar eller bransje.

Globale indeksfond forsøker å attskape verdiutviklinga på dei største selskapa over heile verda. I hovudsak er det to typar globale indeksfond:

  • Heile verda, alle land: ACWI (All country world index)
  • Modne marknader, til dømes Vest Europa, Australia, Canada, Hong Kong, Japan, New Zealand, Singapore, og USA: MSCI World.

Du kan også spare i norske indeksfond. Då sparer du i fond som investerer i eit utval av selskapa på Oslo Børs. 

Beste indeksfond?

Det finst fleire ulike indeksfond å velje mellom. Dei globale indeksfonda følger ulike aksjeindeksar, som gjer at verdiutviklinga kan variere noko. Over tid er det dei med lågast pris som har best føresetnader for å gi deg best avkastning.

SpareBank 1 Indeks Global

SpareBank 1 Indeks Global er eit globalt indeksfond, som inngår i fondspakken SpareBank 1s utvalgte. Fondet består av rett under 1500 selskap som oppfyller krava våre for ansvarleg forvaltning. 

SpareBank 1 Indeks Global følger referanseindeksen MSCI World ESG Universal Select. Det betyr at fondet ser bort frå selskap som ikkje lever opp til kravet fondet har til miljø, sosiale- og styringsmessige forhold.

SpareBank 1 Indeks Global passar for deg som ønsker

  • låge kostnadar
  • god risikospreiing

Fordelar og ulemper med indeksfond

Både indeksfond og aktivt forvalta fond kjem med fordelar og ulemper for deg som sparer.

Fordelar med indeksfond

  • Indeksfond er enkelt, og du veit kva du får. Målet er å attskape avkastninga i den delen av marknaden fondet følger. 
  • Går marknaden bra, går fondet bra. 
  • Gode indeksfond er relativt enkle å identifisere, om du veit kva del av aksjemarknaden du ønsker å følge.
  • Forvaltninga av indeksfond er i stor grad automatisert med datamaskiner og kostnadane er derfor relativt låge.

Ulemper med indeksfond

  • Ulempen med indeksfond er at du ikkje vil få betre avkasting enn indeksen som fondet følger, i motsetning til aktivt forvalta fond som forsøker å skape betre avkastning enn referanseindeksen.
  • Indeksfond består ofte av mange selskap og det kan vere utfordrande å vite korleis alle fonda står seg på til dømes berekraft. 
  • Du risikerer å få overprisa selskap med dårlege framtidsutsikter med på lasset.
  • Sjølv om det er lett å finne gode indeksfond, er det ikkje lett å vite kva slags indeksfond du skal spare i. Utvalet er stort og fonda følger ulike aksjeindeksar.

Kva lurer andre på?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }