SpareBank 1s utvalde

Tre handplukka fond, valt ut og sett saman i ein pakke, tilpassa deg som vil spare langsiktig i aksjefond på ein klok og enkel måte. 

SpareBank 1s utvalde er tre handplukka fond for deg som vil spare i aksjefond.

Pakken passar for deg som ønsker...

... å spare i minst 10 år og forventar høg avkastning

... å spreie risiko

... å halde kostnadane nede


Om SpareBank 1s utvalde

Tre fond i ein pakke

Enten du skal spare nokre hundrelappar eller fleire millionar er anbefalinga lik frå fagfolka våre. Når du sparar i fond, bør den største delen vere i fond som investerer i den globale marknaden, og noko bør vere i fond som investerer her heime i Norge.

Derfor har våre fremste fagfolk valt ut tre av våre anbefalte aksjefond og sett dei saman i ein pakke. Pakken består av to globale fond og eitt norsk fond.

Kvifor er desse fonda valt ut?

SpareBank 1 Indeks Global

SpareBank 1 Indeks Global følger verdsindeksen og investerer i rett under 1500 av dei største selskapa i verda på tvers av bransjar og sektorar. Fondet er inkludert i pakken for å gi deg lågare totalkostnad på sparinga di. 

ODIN Global

ODIN Global er forvalta av Norges beste fondsforvalter 2021*. Våre kollegaer i ODIN forvaltar fondet aktivt, og investerer i selskap på tvers av bransjar og sektorar i heile verda. Basert på historisk avkastning har fondet gjort det bra, samanlikna med andre liknande fond, og er derfor inkludert i fondspakken.

SpareBank 1 Norge Verdi

SpareBank 1 Norge Verdi er med i pakken for å sikre at du tar del i verdiskapinga i Norge. Vi forvaltar fondet aktivt, og investerer i norske selskap på tvers av bransjar og sektorar i Norge med høg utbyttegrad. Går det bra i heimlandet ditt, går det bra med fondet, og då går det også bra med sparinga di.

*ODIN blei kåra til det beste fondsselskapet for aksjeforvaltning i 2021.
Les intervjuet med Alexander Miller, investeringsdirektør i ODIN.

SpareBank 1 Norge Verdi har fått terningkast 6!

SpareBank 1 Norge Verdi fekk terningkast 6 av Dine Penger 10. februar 2025 (betalingsmur). Fondet er handplukka av dei fremste fagfolka våre som éitt av tre fond i fondspakken SpareBank 1s utvalde. 


Vil du snakke med oss om sparing?  

Vurderer du å spare i fond og treng å snakke med nokon som har peiling?

Rådgjevarane våre er her for å hjelpe deg.

Kort om avkasting
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.

For deg som handlar fond og verdipapir
Sjå avtalar og retningslinjer


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no