Kva er forventa avkasting på fond?

Når du sparer på konto får du renter på beløpet du har på kontoen, i fond kallar ein dette for avkasting. I fond kallast dette for avkasting. 

Forventa avkasting seier noko om kor mykje du får tilbake for investeringane dine, og er basert på avanserte reknestykke og historiske data.

Storleiken på aksjeandelen i eit fond er med på å påverke risiko og forventa avkasting for det fondet. Eit aksjefond med 100 % aksjar har ein forventa høgare avkasting enn eit rentefond, men inneber altså ein viss risiko. 

God tid er nøkkelen til trygg sparing i fond. Jo lenger tidshorisont du har, jo høgare andel aksjar kan du ha utan at risikoen aukar. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkasting enn ved andre spareformer. 

Sjå også
Kva er fond?
Kan eg tape pengar på å spare i fond?
Kva er aksjefond og rentefond?
Kva er indeksfond?