Berekraftsmerking av fond

Vil du spare i fond med berekraftige investeringar eller som fremmar berekraft? Lær meir om berekrafstmerking av fond, og sjå merking av fonda.

Jente syklar utan hender på ein grusveg i norsk natur

Fond og berekraft

Vi bruker data frå EUs offentleggjeringsforordning: Berekraftig finansieringsopplysingsforordning (SFDR) som utgangspunkt for å merke fonda.

  • Kva merke dei ulike fonda får er definert med utgangspunkt i at fondsforvaltarar rapporterar i samsvar med artikkel 6, 8 og 9 i SFDR. 
  • Denne rapporteringa omhandlar korleis dei integrerer berekraftsaspekt i sine investeringsstrategiar.
  • Forvaltar har ansvar for å vurdere og rapportere korleis dei oppfyller krava i tråd med dei spesifikke kriteriane som er sett av SFDR. 

Vi har gjort SFDR-artiklane enklare å forstå ved å merke fonda med symbol for å vise kva berekraftsfokus fondet har. På denne måten ønsker vi å hjelpe deg som ønsker å investere i fond som gjer berekraftige investeringar eller som fremmar berekraft.

Korleis blir fonda merka?

SFDR artikkel 9-fond: Fond med berekraftige investeringar som hovudføremål.

Desse fonda skal kun gjere berekraftige investeringar, definert i SFDR som ei investering i ein økonomisk aktivitet som bidrar til miljømessige og sosiale mål, utan å gjere vesentleg skade på andre slike mål, i selskap som har god styre-praksis. 

Artikkel 9 fond under SFDR blir merka Berekraftsfokus - Ja.

Berekraftsfokus:
Ja.

Symbol for merking av fond. Berekraftsfokus: Ja - Grønn boble med J

SFDR artikkel 8-fond: Fond som fremmar miljømessige og sosiale eigenskapar i si forvalting, men som ikkje har berekraft som hovudformål.

Desse fonda integrerer berekraftsinformasjon i sine investeringsstrategiar.

Artikkel 8 under SFDR vert merka Berekraftsfokus - Delvis.

Berekraftsfokus: 
Delvis

Symbol for merking av fond. Berekraftsfokus: Delvis - Gul boble med D

SFDR artikkel 6-fond: Fond som ikkje aktivt integrerer berekraftsinformasjon i investeringsprosessen.

Artikkel 6 under SFDR vert merka Berekraftsfokus - Nei

Berekraftsfokus:
Nei.

Symbol for merking av fond. Berekraftsfokus: Nei - Rød boble med N

Fond med ikkje tilgjengeleg data: Fond som manglar informasjon eller som ikkje rapporterer i henhold til SFDR. 

Desse fonda blir merka Berekraftsfokus - Ikkje tilgjengeleg.

Berekraftsfokus:
Ikkje tilgjengeleg

Symbol for merking av fond. Berekraftsfokus: Ikkje tilgjengeleg - Grå boble med I

Viktig å merke seg

Metodikken vi bruker for merking av fond relatert til berekraft er ikkje ei komplett løysing, og det er ingen garanti for at artikkel 9 fond under SFDR, som er merka med Berekraftsfokus - Ja oppfyller alle berekraftskriterium ein kunde har. 

Sjølv om eit fond har berekraftsfokus kan det likevel innehalde selskap med eksponering mot sektorar som olje og gass. Ein grunn til dette er at direktivet sin definisjon av kva som reknast som «berekraftige investeringar» gir mykje rom for tolking, og vurderingar av kva som reknast som berekraftig kan variere mellom ulike aktørar. 

Kundar med spesifikke berekraftspreferansar bør difor undersøke fonda sine berekraftsprofilar nøye for å vere sikre på at dei er komfortable med fondet si tilnærming til berekraft. 

Illustrasjon av fondsoversikta i mobilbanken og merker for berekraft

Kor finn eg merkinga på dei ulike fonda?

Når du velger fond i fondsoversikta får du opp relevant informasjon om fondet. I tillegg til nøkkelinformasjon og prospekt finn du informasjon om berekraft og kva merking fondet har fått. 

Mer om merkinga


ESG - meir enn berre berekraft!

ESG er ei forkorting for Environmental (Miljø), Social (Samfunn) og Governance (Selskapsstyring) og handlar i praksis om omsyn til miljø, samfunnsansvar og eigarsstyring. ESG handlar om alt frå kvitvasking, korrupsjon, styresamansetjing og utslepp, til tryggleik og rettar for tilsette.


Kort om avkasting
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnader ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.

For deg som handlar fond og verdipapir
Sjå avtalar og retningslinjer



Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }