Rentefond

Rentefond passar for deg som ønsker høgare avkastning enn på sparekonto, utan å ta for stor risiko.

Mann og dame snakkar om rentefond medan dei går tur i skjergarden
Tryggleik
For deg som prioriterer tryggleik framfor høg avkastning.
Avkastning
Moglegheit for betre avkastning enn på sparekonto.
Vel sjølv
Vel det rentefondet som passar deg.

Kva er rentefond?

Rentefond er eit samleomgrep på fond der pengane dine blir plasserte i lånepapir frå selskap, styresmakter og kommunar. 

Medan du i eit aksjefond indirekte eig aksjar i selskapa fondet investerer i, vil du i eit rentefond eige obligasjonar. Ein obligasjon er eit verdipapir som bevis på at du har lånt vekk pengar. Verdipapiret seier kva rente du får på lånet, og når lånet forfell.

Enkelt fortalt betyr det at når du sparer i eit rentefond, låner du i praksis vekk pengane dine. Du tener pengar på rentene selskapet betaler deg for lånet. Rentene du tener, kallast ofte for avkastning. 

Ulike typar rentefond

Det finst fleire ulike typar rentefond med ulike eigenskapar. 

Rentefond blir delt opp i tre hovudkategoriar:

  • Pengemarknadsfond – rentefond med kort løpetid (som regel under eitt år), har låg risko, men også låg forventa avkastning. 
  • Obligasjonsfond – rentefond med lengre løpetid (som regel over eitt år), har større risiko og forventa avkastning enn pengemarknadsfond. 
  • Andre rentefond – fond som ikkje høyrer heime i ein av dei to andre kategoriane.

Avkastning på rentefond

Kor høg avkastning du kan forvente å få i eit rentefond avheng av kor høg risiko fondet tar. Jo høgare risiko, jo høgare er forventa avkastning .

Rentefond kjem i ulike variantar, og det er forventa at noko svingar meir enn andre. Til dømes kan høgrentefond (ein type obligasjonsfond) svinge like mykje i verdi som eit aksjefond, medan eit pengemarknadsfond svingar lite. Over tid kan du likevel forvente høgare avkastning enn viss du set pengane dine på ein sparekonto. 

Spare i fond eller på sparekonto?

Det kan kjennast trygt å ha sparepengane på ein sparekonto framfor i fond. Men i dagens marknad taper sparepengane dine seg gradvis i verdi når dei står på ein konto.

Vel du å spare i fond, må du tole å sjå pengane dine svinge i verdi. Men over tid aukar også sjansen for å oppnå høgare avkastning enn på sparekonto. 

Sparekonto passar for deg som vil setje pengar til side for kortsiktig sparing. Skal du spare langsiktig, og ønsker at pengane dine skal vekse over tid, er sparing i fond eit godt alternativ.

Kva lurer andre på?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }