Aksjehandel – kjøpe aksjar

Du kan kjøpe og selje aksjar på Oslo Børs gjennom aksjehandelstenesta vår. 

Gratis å opprette
Du får kostnadsfri etablering.
Oversikt
Du får god oversikt over aksjane dine.
Gratis aksjeanalysar
Du får gratis tilgang til ferske analysar kvar veke.

Kostpris ved flytting av aksjar få DNB til SpareBank 1 Markets

Dersom du har aksjar hos DNB Markets via oss frå før som no skal flyttast til SpareBank 1 Markets, vil ikkje kostprisen følge med over i ny aksjehandelsløysing. Det er derfor viktig at du noterer denne og melder den inn i etterkant av flyttinga. Du finn kostprisen i DNB si aksjeløysing eller på VPS Investor. 

Bestill retting av kostpris

Prisar og vilkår

  • Etablering 0 kroner
  • Kurtasje 0,05 % per handel, minstepris 95 kroner
  • Gratis tilgang til standard sanntidskursar utan ordredjupne

Tenesta blir levert av SpareBank 1 Markets AS. Selskapsinformasjon

Kurtasje

Når du handlar aksjar og eigenkapitalbevis gjennom aksjehandelstenesta i nettbanken og mobilbanken, vil ein del av den kurtasjen du betalar til SpareBank 1 Markets gå til Sparebank 1-banken din som betaling for distribusjon. Dette beløpet utgjer mellom 30 - 50 % av kurtasjen per ordre, avhengig av talet på ordre per månad. 

Pris for kursinformasjon per månad
  • Sanntidskursar på nettsidene utan ordredjupne, utan strømming (privat): 0 kroner
  • Sanntidskursar på nettsidene utan ordredjupne, med strømming (privat): 15 kroner
  • Sanntidskursar på nettsidene med ordredjupne, med strømming (privat): 135 kroner
  • Sanntidskursar på nettsidene med ordredjupne, med strømming (proff): 370 kroner

Vel du sanntid utan strømming må du sjølv trykke oppdater for å få sanntidskurser. Sanntid med strømming er ein dynamisk, strøymande side der informasjonen blir oppdatert automatisk.


Korleis kjøpe aksjar?

For å investere i aksjar på Oslo Børs, må du opprette aksjehandelstenesta i mobilbanken eller nettbanken.

  1. Trykk på Kom i gang med aksjar øvst på denne sida.
  2. Logg inn med BankID og følg stega. Du må akseptere forretningsvilkår og gjennomføre ein hensiktsmessighetstest.
  3. Når du har gjort dette, kan du kjøpe og selje aksjar i mobilbanken, nettbanken eller i appen Aksjehandel. Appen kan du laste ned for iPhone og iPad i AppStore eller laste ned for Android i Google Play.

Aksjehandel + Aksjesparekonto = Anbefalt!
Når du bestiller tilgang til aksjetenesta, kan du velje å bestille tenesta saman med ein aksjesparekonto. På ein aksjesparekonto kan du kjøpe og selje aksjar så mykje du vil, utan å betale skatt undervegs. Du betaler først skatt når gevinsten blir tatt ut av kontoen. 

Aksjehandel på nett

Aksjehandelstenesta gir deg enkel tilgang til den norske aksjemarknaden. I tillegg til å handle aksjar vil du

  • kunne følge kursutviklinga på alle børsnoterte aksjar på Oslo Børs
  • få gratis tilgang til standard sanntidskursar utan ordredjupne, eller du kan betale for ei utvida teneste. Sjå vilkår for meir detaljar
  • få gratis tilgang til selskapsanalysar utarbeidde av analyseteamet til SpareBank 1 Markets
  • kunne tilpasse og følge med på aksjeporteføljen din og ordrebok
  • få løpande nyheiter
  • kunne aktivere Stop loss

Kva aksjar bør eg kjøpe no?

Kva aksjar ein bør kjøpe no avheng av kva du ønsker å oppnå med investeringane dine, kva investeringsstrategi du har og kva risiko du ønsker å ta.

Det er vanskeleg å spå kva aksjar som gir deg best avkasting i framtida, men ved å gjere ein grundig analyse før du går i gang, kan du auke moglegheita for å gjere ei god investering.

I aksjehandelstenesta får du tilgang til ferske selskapsanalysar, der du kan lese kjøps- og salstilrådingar frå dei fremste ekspertane våre. Du kan òg oppdatere deg på kva pris analytikarane meiner ein aksje bør ha på eit gitt tidspunkt i framtida. Viss du vil sjå alle detaljane, kan du laste ned heile analysen som ein PDF. 

Selskapsanalysane er utarbeidde av analyseteamet til SpareBank 1 Markets. Her finn du kjente namn som Teodor Sveen-Nilsen og Petter Kongslie. Analysane er ikkje meinte som investeringsråd. 


Flytt aksjesparinga di til oss

Har du starta sparinga di hos andre bankar? Flytt sparinga di til oss, og få alt samla på ein og same stad. Det kostar ikkje noko å flytte aksjar eller eigenkapitalbevis til oss.

Har du aksjar på ein aksjesparekonto hos ein annan leverandør, kan du flytte heile aksjesparekontoen til oss utan at det utløyser skatt. 

Ønsker du å flytte aksjar som ikkje står på ein aksjesparekonto, kan du ta kontakt med oss – så hjelper vi deg med prosessen. 


Fond eller aksjar?

Å kjøpe aksjar i aksjehandelstenesta er for deg som er komfortabel med å kjøpe og selje aksjar på eigahand. Det kan vere både gøy og lønnsamt å investere i aksjar, men det krev som regel både interesse og innsats for å lykkast. Her er seks tips om aksjar for nybegynnarar.

Er du ute etter å spare langsiktig i aksjemarknaden, men ønsker at pengane dine blir forvalta av profesjonelle forvaltarar, er sparing i aksjefond kanskje det riktige for deg.

Kva lurer andre på?


Kort om kjøp og sal av aksjar

Kjøp av aksjar inneber høg risiko. Har du nokre spørsmål om investeringar bør du kontakte ein finansrådgjevar som kjenner deg og situasjonen din.


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no