Kva som skjer med pensjonen din etter dødsfall er avhengig av kva pensjonsavtale du har. Her er ein forenkla oversikt over reglane på dei vanlegaste produkta. For å få fullstendig oversikt må du lese i forsikringsbevisa og forsikringsvilkåra for avtalen.
Innkotspensjon og pensjonskapitalbevis (PKB)
Dersom du har ein innskotspensjonsavtale gjennom din arbeidsgjevar vil verdien av avtalen gå til dine etterlatne. Saldoen vil først bli brukt som “barnepensjon” til barn under 21 år. Dersom saldoen er større enn det som trengst for å sikre barn ei årleg utbetaling lik grunnbeløpet i folketrygda (G) fram til dei er 21 år, blir resten av saldoen brukt til å sikre etterlattepensjon til ektefelle, sambuar eller registrert partner i minst ti år. Resterande saldo vil bli utbetalt som eit eingongsbeløp til dødsbu.
Ytelsespensjon, hybridpensjon, pensjonsbevis og fripolise
Verdiane på desse produkta vil tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
IPA
Saldo blir utbetalt til den/dei som du har registrert som begunstiga. Viss ikkje det er registrert begunstiga går saldo til andre kundar med same avtale som deg, det såkalla forsikringskollektivet.
Pensjonssparekonto og Fondskonto
Pensjonssparekonto og fondskonto blir utbetalt til begunstiga. Viss det ikkje finst begunstiga blir forsikringssummen utbetalt til ektefelle, deretter arvingar etter arvelova eller testament.
Individuell pensjonssparing (IPS) og LOfavør Pensjon
Saldoen vil bli brukt som “barnepensjon” til barn under 21 år. Dersom saldoen er større enn det som trengst for å sikre barn ei årlig utbetaling lik grunnbeløpet i folketrygda (G) fram til dei er 21 år, blir resten av saldoen brukt til å sikre etterlattepensjon til ektefelle, sambuar eller registrert partner i minst ti år. Resten av saldo vil bli utbetalt som eit eingongsbeløp til dødsbu.
Avtalefesta pensjon (AFP)
Avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor er ein livsvarig utbetalingsavtale. Når du døyr vil verdiane på avtalen tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
Folketrygda
Folketrygda er ingen sparing i tradisjonell forstand, men for kvart år du arbeider opparbeider du deg ein pensjonsrett. Denne utgjer 18,1 prosent av inntekta di opp til 7,1 G. (G) betyr grunnbeløpet i folketrygda. Dersom du døyr opphøyrer folketrygda. Det blir ikkje utbetalt arv på desse pengane. Dersom du ønsker å lese meir om folketrygda kan du gjere det på NAV sine heimesider.