AFP, kva er det?
Avtalefesta pensjon (AFP) er ei pensjonsordning som du kan få i tillegg til tenestepensjon frå arbeidsgjevar. Det fins to AFP-variantar; livsvarig AFP og førtidspensjon AFP.
Avtalefesta pensjon (AFP) er ei pensjonsordning som du kan få i tillegg til tenestepensjon frå arbeidsgjevar. Det fins to AFP-variantar; livsvarig AFP og førtidspensjon AFP.
Livsvarig AFP gir utbetaling livet ut, i tillegg til dine pensjonsordningar.
Livsvarig AFP gjeld for deg som er med i AFP-avtalen i privat sektor, og for deg som jobbar i offentleg sektor og som er fødd i 1963 og seinare.
Førtidspensjon AFP utbetalast før 67 år, og gjeld kun for tilsette i offentleg sektor som er født i 1962 eller tidlegare.
Førtidspensjon AFP er ein tidlegpensjons-ordning for offentleg tilsette, mellom 62 og 67 år, som ønsker å trappe ned eller gå av med full pensjon.
Førtidspensjon AFP kan ikkje kombinerast med full jobb, og vil bli redusert viss du har arbeidsinntekt.
AFP står for avtalefesta pensjon, og var opphavleg ein pensjon for dei som ønska å gå av tidleg. AFP fungerte som ein førtidspensjon, som du kunne få utbetalt mellom 62 og 67 år, ved å slutte i jobben.
Ny livsvarig AFP har også tyding som førtidspensjon, fordi den blir teken med i berekninga av om du har tent opp nok pensjon til å ta ut alderspensjon før 67 år. Livsvarig AFP kan du ta ut frå 62 år, sjølv om du held fram i jobb.
Det er viktig å hugse at ikkje alle har krav på AFP. Det avhenger blant anna av kor du jobbar, kor lenge du har jobba der og kor mykje du har tent.
Kort forklart:
Om du kan få AFP og kva du får utbetalt avhenger av fleire reglar. Kvar du jobbar, kor lenge du har jobba i bedrifta, kor stor stilling du har og kor mykje du tener. Du må sjølv undersøke kva reglar som gjeld der du jobbar.
Kort forklart:
Om du kan få AFP og kva du får utbetalt avhenger av fleire reglar. Når du er født, kor du jobbar, kor lenge du har jobba i offentleg sektor, kor stor stilling du har og kor mykje du tener. Du må sjølv undersøke kva reglar som gjeld der du jobbar.
Dette er ikkje ei fullstendig skildring av AFP, og manglar kan førekome. Gå inn på afp.no og norskpensjon.no for alle detaljar og regelverk rundt AFP.
"Pensjon er ikkje det dei fleste går rundt og tenker på heile tida. Derfor er det lurt å bruke nokre minutt på å få oversikt over pensjonen din."
Marianne Christensen, produktsjef pensjon SpareBank 1 Forsikring
Din pensjonsutbetaling vil bestå av tre deler. En del fra folketrygden, en del fra nåværende og tidligere arbeidsgivere, og den delen du har spart selv.
Fra folketrygden (NAV)
Hvert år settes det av et beløp av lønnen din til pensjonssparing. For de fleste av oss utgjør det ca. halvparten av det vi har i lønn.
Fra arbeidsgiver
Arbeidsgiver sparer minst 2 % av lønnen din i pensjon, beløpet trekkes ikke fra lønnen. Beløpet utbetales først når du pensjonerer deg. Offentlig ansatte har som oftest en tjenestepensjon som sammen med pensjonssparing fra folketrygden utgjør 66 % av lønnen.
Egen sparing
Våre erfaringer tilsier at de fleste ønsker 80 % eller mer av lønnen som pensjonist. For å få til dette må du også spare litt selv.
Hvert år settes det av et beløp tilsvarende 18,1 % av lønnen din i en pensjonsbeholdning. Av dette betaler du selv en del i trygdeavgift, arbeidsgiver betaler arbeidsgiveravgift og staten betaler resten. Jo flere år du jobber, jo større blir pensjonen fra staten eller folketrygden. Pensjon fordeles på antall år du forventes å leve. Pensjonerer du deg tidlig blir det flere år å fordele pensjonen på og dermed mindre utbetalt hvert år. Du finner en oversikt over hva du får utbetalt på nav.no. Det er kun inntekt under 7,1G som staten setter av pensjon til.
I det private finnes det tre typer pensjonsordninger, og det er arbeidsgiver som bestemmer hvilken ordning du får. Det må minst være en innskuddpensjon på 2% av lønnen. Det er dette som kalles Obligatorisk tjenestepensjon eller OTP. Ansatte i stat, fylke og kommune har som hovedregel en offentlig tjenestepensjon som sammen med alderspensjon utgjør 66% av lønnen.
Innskuddspensjon: Arbeidsgiver sparer en fastsatt prosent av lønnen din. Størrelsen på pensjonen avhenger av hvor mye som er innbetalt og avkastningen. Du bestemmer selv hvor høy risiko du vil ha på sparingen. Når du slutter får du et pensjonskapitalbevis.
Ytelsespensjon: Arbeidsgiver betaler for at du skal få en garantert fast utbetaling. Når du slutter får du en fripolise.
Hybridpensjon: Arbeidsgiver sparer en fast prosent av lønnen din, og du får en garantert fast utbetaling. Størrelsen på pensjonen avhenger av hvor mye som er innbetalt og avkastningen. Når du slutter får du et pensjonsbevis.
Kva rekkefølge du bør ta ut pensjonen din er avhengig av kva pensjonsprodukt du har, når du ønsker å gå av med pensjon og kor mykje du føler at du treng som pensjonist. Råda her må derfor sjåast på som generelle og rettleiiande. Det viktigaste er at du skaffar deg oversikt over din pensjon, vurderer kva som er viktig for deg og legge ein plan for livet ditt som pensjonist. Vi vil på eit generell plan anbefale følgjande rekkefølge.
1. Avtalefesta pensjon (AFP)
Dersom du har ein avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor kan det løne seg å ta ut den først ettersom dette er ei livsvarig utbetalingsavtale. Eit av vilkåra for å starte uttak på avtalefestet pensjon (AFP) er at du må starte uttak på alderspensjonen frå folketrygden med minst 20 prosent. Du har moglegheita til å stoppe eller endre denne etter ein månad utan at det påverkar utbetalingen av din avtalefestet pensjon (AFP).
2. Alderspensjon frå folketrygden/NAV
Etter å ha starta avtalefestet pensjon (AFP) vil vi anbefale å starte uttak på din alderspensjon frå folketrygden. Denne blir betalt ut av NAV. Dette er ofte den største delen av pensjonen og er eit resultat av kor mange år du har vore i arbeid og kor høg inntekt du har hatt.
3. Fripolise og Ytelsespensjon
Dersom du sluttar i jobben eller byter arbeidsgjevar vert ytelsespensjonen din gjort om til ein fripolise, desse produkta stammar derfor frå same type pensjonsordning.
Etter avtalefesta pensjon (AFP) og alderspensjon frå folketrygda, kan det vere fornuftig å starte utbetaling på fripoliser og ytelsespensjon. Årsaka er at dine etterlatne ikkje arvar pengane frå ei ytelsesordning. Dersom du døyr før pengane er utbetalt vil verdiane på desse produkta tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
4. Hybridpensjon og pensjonsbevis
Pensjonsbevis er ein hybridpensjon frå ein tidlegare arbeidsgjevar. Etterlatte vil heller ikkje arve pengane frå ei hybridordning. Dersom du døyr før pengane er utbetalte vil verdiane på desse produkta på same måte som ein ytelsespensjon tilfalle forsikringskollektivet. Hybridpensjon er ei ny ordning som gjer at det stort sett er avgrensa med opptening. Dette kan tale for å vente med uttaket.
5. Innskotspensjon, pensjonskapitalbevis og eiga sparing
Pensjonskapitalbevis er ein opptent innskotspensjon frå ein tidlegare arbeidsgjevar og er, saman med eiga sparing, avtalene du bør vente lengst med å ta ut. Årsaka til dette er at dersom du døyr før pengane er utbetalt vil verdiane på avtalen gå til dine arvtakarar. I tillegg har desse avtalane som regel ikkje livsvarig utbetaling, det kan derfor vere ein fordel å vente med desse.
Kva som skjer med pensjonen din etter dødsfall er avhengig av kva pensjonsavtale du har. Her er ein forenkla oversikt over reglane på dei vanlegaste produkta. For å få fullstendig oversikt må du lese i forsikringsbevisa og forsikringsvilkåra for avtalen.
Innkotspensjon og pensjonskapitalbevis (PKB)
Dersom du har ein innskotspensjonsavtale gjennom din arbeidsgjevar vil verdien av avtalen gå til dine etterlatne. Saldoen vil først bli brukt som “barnepensjon” til barn under 21 år. Dersom saldoen er større enn det som trengst for å sikre barn ei årleg utbetaling lik grunnbeløpet i folketrygda (G) fram til dei er 21 år, blir resten av saldoen brukt til å sikre etterlattepensjon til ektefelle, sambuar eller registrert partner i minst ti år. Resterande saldo vil bli utbetalt som eit eingongsbeløp til dødsbu.
Ytelsespensjon, hybridpensjon, pensjonsbevis og fripolise
Verdiane på desse produkta vil tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
IPA
Saldo blir utbetalt til den/dei som du har registrert som begunstiga. Viss ikkje det er registrert begunstiga går saldo til andre kundar med same avtale som deg, det såkalla forsikringskollektivet.
Pensjonssparekonto og Fondskonto
Pensjonssparekonto og fondskonto blir utbetalt til begunstiga. Viss det ikkje finst begunstiga blir forsikringssummen utbetalt til ektefelle, deretter arvingar etter arvelova eller testament.
Individuell pensjonssparing (IPS) og LOfavør Pensjon
Saldoen vil bli brukt som “barnepensjon” til barn under 21 år. Dersom saldoen er større enn det som trengst for å sikre barn ei årlig utbetaling lik grunnbeløpet i folketrygda (G) fram til dei er 21 år, blir resten av saldoen brukt til å sikre etterlattepensjon til ektefelle, sambuar eller registrert partner i minst ti år. Resten av saldo vil bli utbetalt som eit eingongsbeløp til dødsbu.
Avtalefesta pensjon (AFP)
Avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor er ein livsvarig utbetalingsavtale. Når du døyr vil verdiane på avtalen tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
Folketrygda
Folketrygda er ingen sparing i tradisjonell forstand, men for kvart år du arbeider opparbeider du deg ein pensjonsrett. Denne utgjer 18,1 prosent av inntekta di opp til 7,1 G. (G) betyr grunnbeløpet i folketrygda. Dersom du døyr opphøyrer folketrygda. Det blir ikkje utbetalt arv på desse pengane. Dersom du ønsker å lese meir om folketrygda kan du gjere det på NAV sine heimesider.
I Norge i dag blir vi eldre og held oss friske lenger. Så lenge levealderen aukar, aukar også talet på personar som mottar alderspensjon. Dette betyr at kvart årskull må jobbe litt lenger for å oppnå same pensjon som eldre årskull.
Levealdersjustering betyr at alderspensjonen din blir justert etter forventa levealder for ditt årskull og dei åra som det kan bli forventa at du er pensjonist.
Pensjon frå folketrygda, offentleg tenestepensjon og obligatorisk tenestepensjon frå private verksemder blir skatta som pensjonsinntekt. Den er tilnærma lik den du betaler som lønnsmottakar, men med lågare trygdeavgifter. Det er den samla inntekta di som avgjer kva du vil måtte betale i skatt på pensjon.
For å finne ut kor mykje skatt du skal betale på pensjonen din, må du sjå på tre ting: alminneleg inntekt, trygdeavgift og frådrag.
Du kan lese meir om skattereglar for pensjonistar hos Skatteetaten.
Sjå også
Skatt på pensjon
Kva du får i pensjon avhenger av pensjonsordninga arbeidsgjevarane dine har valt.
Skal du gå av med pensjon, eller ønsker du å ta ut pensjon medan du framleis er i jobb?
Obligatorisk tenestepensjon (OTP) er ei pensjonsordning der bedrifter er pålagde å spare til pensjon for dei tilsette i privat sektor.
Kor mykje må du betale i skatt på pensjonsutbetalingane dine?
Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?
Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema,
enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.
Skal du starte utbetaling av pensjonen din?
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium