For deg under 34 år

Snart pensjonist?

Skal du gå av med pensjon eller ønsker du å ta ut pensjon medan du framleis er i jobb?

Eldre par som gledar seg til å bli pensjonistar

Råd for din livsfase

Kor mykje du kjem til å få i pensjon avhengar av mange forhold gjennom livet. Val av arbeidsgjevar, antal jobbskift, lønn, pensjonsalder, antal barn, år i deltid og permisjonar påverkar kor mykje du vil få i pensjon.

Veit du kor god pensjonsordning du har gjennom arbeidsgivar?

Det er store forskjellar på kor mykje arbeidsgjevarar sparer i pensjon for sine tilsette. Arbeidsgjevar er pliktig til å spare minst 2 % av di årlege lønn inntil 12 G (1 G = 118.620). Sparer arbeidsgjevaren din 2 %, har du ei minimumsordning. I dei beste ordningane kan arbeidsgjevar spare 7 % av lønna inntil 12 G, pluss inntil 18,1 % ekstra for tilsette med lønn over 7,1 G. Beløpet trekkast ikkje frå lønna og utbetalast først når du pensjonerer deg. 

Les meir om pensjon frå arbeidsgivar

 

Jobbar du i offentleg sektor?

Er du fødd etter 1962, blir pensjonen din berekna etter kor mange år du har jobba i offentleg verksemd før 2020, og kor mange år du jobbar i det offentlege etter 2020. Pensjon som blir tent opp etter 2020 er bestemt av løna år for år ved at det byggast opp ei pensjonsbehaldning på same måte som folketrygda sin alderspensjon. Pensjonsbehaldninga utgjer 5,7 % av samla løn inntil 12 G per år og nyttar same reglar som folketrygda for å berekne kor stor pensjonen blir på uttakstidspunktet.

I tillegg til ordinær offentleg tenestepensjon kan du ha rett til offentleg AFP eller Særalderspensjon.

Les meir om avtalefesta pensjon (AFP)

Dei fleste arbeidsgjevarar sparar til pensjon gjennom ordninga som kallast  innskotspensjon. Då har du også eigen pensjonskonto. Det gjer det enklare for deg å få oversikt over pensjonen din.

Du får automatisk eigen pensjonskonto der arbeidsgjevaren din sparer til pensjon, men du kan sjølv velje å flytte pensjonen din til ein annan leverandør.

Jobbar du i offentleg sektor eller har hybrid- eller ytelsespensjon, gjeld ikkje eigen pensjonskonto for deg.

Du må tenke over kva slags liv du ønsker å leve når du blir pensjonist. Dei fleste ønsker eit aktivt liv, men mange vil oppleve at samla pensjon blir lågare enn dei hadde sett for seg. Dersom du ønsker god økonomi og fridom som pensjonist er det mykje å hente på å spare sjølv. 

Når du sparer i IPS eller pensjonssparekonto, plasserast pengane dine i fond. Du går gjennom ein sparerettleiar der du blir stilt spørsmål om risikovilja di, spareperiode og berekraftspreferansar. Basert på spørsmåla dine, anbefaler vi deg ein spareprofil. Du vel sjølv om du ønskjer å følgje denne anbefalinga.

Etter at du har oppretta sparinga, står du også fritt til å endre din spareprofil. Dette kan du enkelt gjere sjølv i mobilbanken eller nettbanken.

Pensjonskapitalbevis er eit "bevis" på pensjonspengar du har opparbeidd deg i tidlegare jobbar du har hatt. Beviset vert oppretta kvar gong du sluttar i ei bedrift som har innskotsbasert pensjonsordning og vert samla automatisk på eiga pensjonskonto.

Om eigen pensjonskonto ikkje gjeld for deg og du framleis har fleire pensjonskapitalbevis, kan du samle dei hos oss. Då får du lågare gebyr, betre oversikt og det vert meir i pensjon til deg. 

Drøymer du om å gå av tidleg med pensjon? Reise, gå i fjellet og ta igjen alt du ikkje har hatt tid til medan du har vore i jobb?

Avtalefesta pensjon (AFP) er ei pensjonsordning for deg som er ansatt i privat sektor med avtalefesta pensjon i tariffavtalen. AFP-pensjonen vert utbetalt i tillegg til alderspensjon frå folketrygda og er livsvarig. Tar du ut AFP før 67 år, vil pensjonen vere høgare før 67 år enn etter. Sett deg inn i fordelar og ulemper med tidleg uttak før du bestemmer deg for kva som er riktig pensjonsalder for deg. 

Er det smartast å spare i bustad, bank eller fond? Det kjem an på kor gammal du er, kor stort lån du har, om du har fleire lån og planane dine for framtida. Det viktigaste målet med sparing på lang sikt er å ha råd til å leve det livet du ønskjer som pensjonist.

Betale lån eller spare? Sjå tipsa våre


Når bør eg ta ut pensjon?

Nokre er fast bestemt på å gå av med pensjon ved 62 år, nokre ønsker seg ei gradvis nedtrapping på tampen av arbeidslivet, og nokre kan slett ikkje tenke seg å pensjonere seg før dei blir bedd om det. Kva som er best for deg må du sjølv vurdere.

Fordelar ved å ta ut pensjon tidleg
  • Kombinasjonen full lønn og full pensjon gir ein økonomisk fridom. 
  • Løysinga kan passe for deg som ønskjer å bruke meir pengar medan helsa framleis er god. Tidleg uttak gir større moglegheit for reiser og hygge som ung pensjonist og gir deg betre moglegheit til å sjølv prioritere mellom forbruk og sparing til sein alderdom.
  • Tidleg uttak kan sjåast på som ei forsikring for familien ved tidleg død. Familien arvar den pensjonen som er teke ut, og som ikkje er brukt. 
  • Fullt uttak av alderspensjon i folketrygda utløyser ein skattereduksjon på inntil 30.000 kroner per år.
  • Har du framleis gjeld med høg rente som 62-åring, kan det vere ein fordel med tidleg uttak, slik at du kan betale ned mest mogleg av gjelda.
Fordelar ved å ta ut pensjon seinare
  • Du har større behov for pensjonspengane seinare. Dette er veldig viktig å hugse på viss du har låg pensjonsopptening.
  • Det er større avkastning ved å la pengane stå, i staden for å ha dei sjølv. Pensjonsbehaldinga regulerast i takt med grunnbeløpet fram til uttaket startar, altså i takt med samfunnet sin gjennomsnittlege lønnsvekst. Dette er langt over den avkastninga nokon annan risikofri sparing kan tilby. 
  • Om du ikkje har livsarvingar er det ikkje same behov for tidleg uttak for å sikre arvingane. Då er det isolert sett ein fordel å utsette uttaket.
  • Du betalar ikkje formuesskatt på pensjon som du ikkje har teke ut. Kombinasjonen av lønn og pensjon gir høgare skatt i form av auka trinnskatt (toppskatt), ettersom pensjon og lønn leggast saman når trinnskatten vert berekna.

I kva rekkjefølge skal eg ta ut pensjonen?

Kva rekkjefølge du bør ta ut pensjonen din er avhengig av kva pensjonsprodukt du har, når du ønskjer å gå av med pensjon og kor mykje du føler at du treng som pensjonist. Råda her må difor sjåast på som generelle og rettleiande.

Arv eller dødsfall

Kva som skjer med pensjonen din etter dødsfall er avhengig av kva pensjonsavtale du har.

Total kontroll i mobilbanken

Korleis står det eigentleg til med den pensjonssparinga? I mobilbanken kan du enkelt sjå kor mykje du bør spare for å få den pensjonen du vil ha når du blir pensjonist.

  • Spar enkelt til pensjon
  • Full oversikt.
  • Få pensjonsoversikta di, både frå jobben og di private sparing.
  • Følg med på utviklinga av sparinga di. 

Ikkje pensjonist heilt endå?

Vel alderen din nedanfor og få tips og råd om smart pensjonssparing.

Ung

For deg under 34 år

Vaksen

For deg mellom 34 og 50 år.

Godt vaksen

For deg mellom 18 og 33 år.

 

Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?

Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema,
enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.

 

Skal du starte utbetaling av pensjonen din?

Her finn du informasjon og kan starte utbetaling


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }