For deg under 34 år

Kvifor tenke på pensjon når du er ung?

Når du blir eldre, vil det vere mange fleire eldre enn i dag. Fleire må dele på den eine pengesekken som kjem frå staten. Og då blir det mindre til deg. Med andre ord må du spare til pensjon sjølv.

Ung person tenker på pensjon

Pensjon er lønna di i framtida

Dei fleste kan forvente å få berre halvparten av dagens lønn i samla pensjon frå folketrygda og arbeidsgjevar. Derfor er det lurt å spare sjølv i tillegg. Prøv kalkulatoren og sjekk kor mykje du vil få.

Min lønn0 krUtforsk sparing+0 krUtforsk sparing0 krFra jobb0 krFra folketrygden0 kr
Din totale årlige pensjon vil bestå av tre deler: ytelser fra folketrygden, penger oppspart av arbeidsgiver og egen sparing
år
kr

Første års utbetaling er beregnet ut fra fast månedlig sparing fra tidligst 18 år og fram til du fyller 67 år

Følgende forutsetninger er lagt til grunn for beregningen:
Produkt: Pensjonssparekonto
Spareprofil: Alderstilpasset
10 års utbetaling fra 67 til 77 år

De fleste kan forvente å få rundt 50 % av lønnen sin i samlet pensjon fra Folketrygden og fra arbeidsgiver.

Lite beløp – stor forskjell

Det betyr at viss du startar tidleg, kan du spare eit mindre beløp i månaden enn viss du startar å spare når du er eldre. Jo tidlegare du startar, jo betre er det. Sjekk eksempla nedanfor.

500 kr i månaden frå 25 til 67 år:
707.000 kr

Med 95% sannsynlegheit vil saldoen vere mellom 273.000 og 2.026.000 kroner. 

500 kr i månaden frå 35 til 67 år:
399.000 kr

Med 95% sannsynlegheit vil saldoen vere mellom 195.000 og 866.000 kroner. 

Eksempla gjeld pensjonssparekonto med alderstilpassa spareprofil. Antatt avkastning på 6 % i aksjefondet og 3,26 % i rentefondet. Kostnadene for produktet er trekt frå. Avkastningsforutsetningane er frå Finans Norge si bransjeavtale.


4 smarte tips

1. Få oversikt over kva du har

I mobilbanken får du god oversikt over pensjonen din. Du kan også følge med på kva du bør spare for å få den lønna du vil ha når du går av med pensjon.

Ikkje kunde i banken? Sjå pensjonen din her

Korleis er det med pensjonssparing på jobben din? Du bør sjekke om du kan auke aksjeandelen for å få betre avkastning.

Når du er ung og det er lenge til du skal få utbetalt pensjon, kan det lønne seg å ha ein høg aksjeandel som gir ei høgare forventa avkastning. Når du blir eldre, anbefalar vi å redusere aksjedelen for å redusere risikoen for tap. Du kan sjølv velje fordelinga mellom aksjar og renter i mobil- eller nettbanken. Dette kallast også spareprofil.

Les meir om dei ulike spareprofilane
Les meir om pensjon frå arbeidsgivar

Du kan sjekke korleis andre på din alder sparer. Kanskje gir det deg motivasjon til å starte pensjonssparing. Og jo meir du klarar å setje av i månaden, jo betre.

Før du startar med pensjonssparing, bør du ha ein bufferkonto og ha starta sparing i BSU.

Ein bufferkonto er ein sparekonto som gjer deg økonomisk tryggleik. Hvis det skjer noko uforutsett har du pengar til rådigheit. Plutseleg kan vaskemaskina gå i stykke eller bilen treng ein reparasjon. 

Drøymer du om å kjøpe eigen bustad er det smart å spare i BSU – boligsparing for ungdom. BSU er for deg under 34 år, du får bankens beste rente, skattefradrag og eigenkapital til framtidig bustadkjøp.

Kanskje kjedeleg, men supersmart

Å spare til pensjon er kanskje ikkje så gøy, men veldig smart. Du kan forvente rundt 50 % av lønna di – i samla pensjon frå folketrygda og arbeidsgivar. 

Set du opp fast sparing no, er du i gang. Og lønna som pensjonist blir meir lik den du har no.  

Total kontroll i mobilbanken

Korleis står det eigentleg til med den pensjonssparinga? I mobilbanken kan du enkelt sjå kor mykje du bør spare for å få den pensjonen du vil ha når du blir pensjonist.

  • Spar enkelt til pensjon
  • Full oversikt.
  • Få din pensjonsoversikt, både frå jobben og den private sparinga di.
  • Følg med på utviklinga av sparinga di. 

Er du under 34 år?

Vel alderen din nedanfor og få tips og råd om smart pensjonssparing.

Vaksen

For deg mellom 34 og 50 år.

Godt vaksen

For deg mellom 18 og 33 år.

Snart pensjonist

For deg som er over 62 år


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no