Pensjon frå arbeidsgjevar?

Når du blir pensjonist, får du utbetalt pensjon frå jobbane du har hatt. Kor mykje du får i pensjon, avhenger av pensjonsordninga arbeidsgjevarane dine har valt.

Ikkje kunde i banken? Sjekk din pensjon her

Sjekk kva du får i pensjon frå arbeidsgjevar!

Kor mykje pensjon får du frå jobben?

Alle arbeidsgjevarar i Norge må spare til pensjon for sine tilsette. Arbeidsgjevarane bestemmer kor stor del av løna di som skal setjast av til pensjonssparing.

Det er store forskjeller på kor mykje arbeidsgjevarar sparer for deg, noko som vil ha stor tyding for deg og din framtidige pensjon. Du må derfor sjekke kva slags pensjonsordning du har, kva arbeidsgjevar faktisk sparer for deg og korleis sparepengane er plasserte. 

Jobbar du i privat næringsliv eller i offentleg sektor?

Det har betyding for kva pensjonsordning du har.  

Har du AFP?

Avtalefesta pensjon (AFP) er ei pensjonsordning som du kan få i tillegg til tenestepensjon frå arbeidsgivar. Det finst to AFP-varianter; livsvarig AFP og førtidspensjon AFP. 

Det er viktig å hugse at ikkje alle har krav på AFP. Det avheng mellom anna av kvar du jobbar, kor lenge du har jobba der og kor mykje du har tent.

Kva er ein god pensjon frå arbeidsgjevar?

Alle arbeidsgjevarar må spare pensjon til sine tilsette. Det kallast obligatorisk tenestepensjon (OTP). Det er store forskjellar på kor mykje arbeidsgjevarar  i privat sektor sparer for deg. Dei er pliktige til å spare minst 2 % av di årlege løn inntil 12 G.

Sparer arbeidsgjevaren din 2 % har du ei minimumsordning. I dei beste ordningane kan arbeidsgjevar spare 7 % av løna inntil 12 G, pluss inntil 18,1 % ekstra for lønn over 7,1 G. Beløpet blir utbetalt først når du pensjonerer deg. I dag tilsvarer 1G = 124.028 kroner. 

Eiga sparing til pensjon

Sjølv om det kan vere ei stund til, er det ein fordel å tenke over kva slags liv du ønsker å leve når du ein gang blir pensjonist. Dei fleste ønsker å følge opp og leve slik dei gjer i dag, men mange vil oppleve at samla pensjon blir lågare enn dei hadde sett føre seg.

Dersom du ønsker deg god økonomi og fridom som pensjonist, er det mykje å hente på å spare sjølv. Jo tidlegare du startar å spare til pensjon, jo mindre er det som skal til.

Kva lurer andre på?

Pensjon til din livsfase

Pensjon er pengane du skal leve av i framtida. Å spare smart kan gi deg ein betre kvardag som pensjonist. Vel den livsfasen du er i, så hjelper vi deg i gang.

Ung

For deg under 34 år

Vaksen

For deg mellom 34 og 50 år.

Godt vaksen

For deg mellom 50 og 62 år.

Snart pensjonist

For deg som er over 62 år

 

Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?

Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema,
enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.

 

Skal du starte utbetaling av pensjonen din?

Her finn du informasjon og kan starte utbetaling